Hopp til innhold

Paven vitja Marias grav

Pave Benedikt XVI heldt i dag ei messe på det som skal vere gravstaden til den heilage jomfru Maria i Efesus i Tyrkia.

Paven på besøk i Efesus i Tyrkia
Foto: PATRICK HERTZOG / AP

Paven vitja Efesus i det sørvestlege Tyrkia på den andre dagen av det fire dagar lange besøket i det hovudsakleg muslimske landet.

Han framheldt i talen sin jomfru Maria, mor til Jesus, som eit førebilete for både kristne og muslimar.

Jomfru Maria er også med i Koranen. Muslimane reknar henne også for å vere mor til Jesus.

 

Tryggingstiltaka i samband med pavebesøket er enorme.
Foto: OSMAN ORSAL / AP

 

Islam ser på Jesus som den nest største profeten etter Muhammed, men godtek han ikkje som ein guddom. Mange muslimar, særleg kvinner, valfartar til det som skal vere grava til jomfru Maria.

Historisk by

Steinhuset der Maria skal ha levd sine siste dagar står mellom oliventre og pinjetre like utanfor den historiske byen Efesus, som i dag er ei samling ruinar. På tyrkisk blir byen kalla Efes. Ein av dei første kristne kyrkjelydane vart stifta her

- Frå her i Efesus, ein by som er signa med nærværet til den heilage Maria, som vi veit er elska også av muslimar, la oss be ei spesiell bøn til Gud om fred mellom folkegruppene, sa pave Benedikt XVI blant anna i talen sin.

I kveld skal paven vitje den ekumeniske Bartholomeus-kyrkja i Istanbul.

Det er rundt 100.000 kristne i det hovudsakleg muslimske Tyrkia. Det har vore store demonstrasjonar mot pave-besøket i fleire byar, særleg har det falle mange islamistar tungt for brystet at overhovudet for den romerskkatolske kyrkje skulle få lov til å kome til landet.

 

Pave Benedikt XVI under messa på grava til jomfru Maria.
Foto: CEM OKSUZ / AP

Tryggingstiltaka rundt besøket er enorme, faktisk større enn under USAs president George W. Bush sitt besøk for to år sidan. Bombeekspertar sjekka fleire mistenkjelege gjenstandar i storbyen Istanbul i dag, før paven skulle kome dit i ettermiddag.

Sterk kritikk

Kritikken var ekstra sterk etter at paven under ei forelesing på eit univeristet i Tyskland trekte fram eit sitat frå ein pave på 1300-talet som skulda islam for å spreie religionen sin med våpenmakt.

Dette vart tolka av mange som om dette var Benedikt XVI si meining, noko han sjølv har avvist på det sterkaste. Dette har likevel ikkje nådd fram blant dei mest radikale islamistiane i landet.

Under opphaldet i Tyrkia har paven i alle talane sine trekt fram kor viktig det er at muslimar og kristne respekterer kvarandre. 

 

Paven hos efesarane i TYrkia
Foto: POOL / REUTERS

 

SISTE NYTT

Siste nytt