Video nsps_upload_2009_5_14_12_36_21_730.jpg - Foto: Nyhetsspiller /

Trykk på bildet for å se video.

Paven i heimbyen til Jesus

Pave Benedikt XVI vitja i dag Nasaret, byen der Jesus voks opp. Minst 50.000 menneske deltok i den utandørs gudstenesta han leidde.

Fleire timar før gudstenesta skulle starte var tribunane fulle av menneske. Mange hadde reist langt for å sjå og høyre overhovudet for den katolske kyrkja.

Gudstenesta vart halden i ein del av Nasaret som blir kalla Mount Precipipe, Avgrunnsfjellet. BIbelen fortel at ein mobb prøvde å kaste Jesus ned frå dette fjellet.

Paven vitja også basilikaen som er reist på staden der ein trur erkeengelen Gabriel openberra seg for Maria og fortalde henne at ho var med barn, også kalla Marias bodskapskyrkje.

Pave Benedikt XVI helsa folkemengda frå "popemobilen". - Paven helsa folkemengda frå Popemobilen. - Foto: AMIR COHEN / REUTERS

Paven helsa folkemengda frå Popemobilen.

Foto: AMIR COHEN / REUTERS

Forsoning

Paven brukte talen sin til å be kristne og muslimar over heile verda til å leggje usemja mellom religionane bak seg, og vere med på å byggje bruer slik at det skal bli mogleg å leve fredeleg side ved side.

Han kom også inn på spenninga mellom kristne og muslimske innbyggjarar i Nasaret. 30 prosent av dei 66.000 innbyggjarane i byen er kristne, medan resten i hovudsak er muslimar.

Planar om å byggje ein moskê like i nærleiken av Marias bodskapskyrkje skapte sinne blant dei kristne i den arabisk-israelske byen. Israelsk høgsterett la til slutt ned forbod mot bygging av ein moskê på denne staden.

Det var tett av folk på tribuinane under gudstenesta i Nasaret. - Det var tett av folk på tribuinane under gudstenesta i Nasaret. - Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

Det var tett av folk på tribuinane under gudstenesta i Nasaret.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

- Alle må ta avstand frå dei destruktive kreftene av hat og fordommar, som tek livet av menneska sine sjeler før dei tek livet av kroppane, sa pave Benedikt XVI blant anna.

Familien

Paven brukte også tid på å prise familien, mor, far og born, og han brukte Maria, Josef og Jesus som eit godt eksempel på det han kalla den heilage familien.

- Vi må styrkje familien si stilling, og vi må verne familien som institusjon, sa han også.

Paven skal også ha samtalar med Israels statsminister Benjamin Netanyahu under besøket i Nasaret.

I går var pave Benedikt XVI på Vestbreidda, der han blant anna leidde ei gudsteneste i kyrkja som er reist på staden der ein trur Jesus vart fødd i Betlehem. Han møtte også den palestinske presidenten Mahmoud Abbas.

Her tok paven til orde for at palestinarane må få ein eigen sjølvstendig stat, som skal leve side om side med Israel.

Minst 50.000 deltok i folkefesten i Nasaret. - Minst 50.000 deltok i folkefesten i Nasaret. - Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

Minst 50.000 deltok i folkefesten i Nasaret.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

(NRK-AFP-Reuters)

Utvalgte dokumentarer

Japansk dokumentar. Kvar og når oppstod det første livet på jorda? Ein stor studie blei nylig starta for å løyse dette store biologiske mysteriet. Forskarane undersøker havområde djupare enn 1000 meter. Hydrotermiske opningar i havbotnen på desse djupa støyter ut vatn med temperaturar over 300 gradar. Teorien er at dette miljøet truleg er nesten det same som da livet blei til på jorda for fire milliardar år sidan. (Deep Sea Expedition - Searching for Life's Origin)
Hassan Dhuhulow kom til Norge da han var en ung gutt. I fjor deltok han i en brutal nedslakting av tilfeldige mennesker på kjøpesenteret Westgate i Nairobi. Minst 67 mennesker døde. Hva fikk Dhuhulow til å reise fra en rolig, norsk småby for å bli terrorist? Når ble han radikalisert? Vi har fulgt i hans fotspor, og møtt ofrene og de etterlatte i Nairobi.
Norsk dokumentar. Førstkommende søndag går 143 millioner brasilianere til valgurnene i den avgjørende omgangen i årets presidentvalg. Kampen står mellom venstresidens kandidat, president Dilma Rouseff, og sentrum-høyre-kandidaten Aecio Neves. Mye står på spill - også for norsk industri, som har investert store summer i Brasil.