Hopp til innhold

Kupparane i Mali ber om hjelp mot opprørarar

Tuaregopprørarane har teke den strategisk viktige byen Kidal nord i Mali, opplyser diplomatar og militære kjelder. Kupparane i Mali bed utlandet om hjelp.

Soldater i Bamako, Mali

Soldatar held vakt ved den internasjonale flyplassen i Malis hovudstad Bamako.

Foto: LUC GNAGO / Reuters

Leiaren for Malis kupparar, kaptein Amadou Sanogo, skildra fredag situasjonen som kritisk og bad omverda om hjelp.

– Hæren vår treng hjelp frå Malis vener for å verne om sivilbefolkninga og Malis territorielle integritet, sa Sanogo på ein pressekonferanse i hovudstaden Bamako.

Opprørarane gjekk inn i Kidal etter at soldatar forlet to lokale soldatleirar, ifølgje kjelder.

Kidal, som har 40 000 innbyggjarar, er den største byen som er teken av Tuaregopprørarane.

Vil lausrive seg

I kampane, som starta torsdag, kjempa tuaregopprørarane side om side med medlemer av ei væpna, radikal islamistgruppe, opplyser augevitne.

– Opprørarane har teke kontrollen, seier ein lærar i byen som vil vere anonym.

I januar starta tuaregane ein kamp for lausriving av dei nordlegaste delane av Mali.

Opprørarane har brukt kaoset etter militærkuppet førre veke til å førebu offensivar mot Kidal og to andre regionale senter nord i landet.

Alvorleg for militæret

Byen husar ein stor militærbase og overtakinga er eit tilbakesteg for militærjuntaen.

Kupparane i Mali har vore meir bekymra for situasjonen i hovudstaden Bamako og relasjonane til det internasjonale samfunnet enn opprørarane i nord, fortel journalist Martin Vogl til BBC.

– For å spare livet til innbyggjarane i Kidal, har militæret bestemt seg for å ikkje forlengje kampane, sa ei kunngjering frå juntaen til Reuters.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt