Hopp til innhold

Abdullah og Ghani i ny valomgang i Afghanistan

Resultatet etter presidentvalet i Afghanistan viser at det blir ein andre valomgang mellom Abdullah Abdullah og Ashraf Ghani.

Kandidater

Kandidatane ved presidentvalet i Afghanistan. Frå venstre Ashraf Ghani, Abdullah Abdullah og Zalmai Rassoul.

Foto: WAKHIL KOHSAR/HASHMATULLAH/FILES / AFP

Ahmad Yusuf Nuristani, leiar for den uavhengige valkommisjonen, sa på ein pressekonferanse i Kabul i ettermiddag at førebelse resultat viser at Abdullah Abdullah fekk 44,9 prosent av røystene, medan Ashraf Ghani fekk 31,5 prosent. Zalmay Rassoul ser ut til å kome på tredjeplass med 11,5 prosent.

Det endelege resultatet av presidentvalet blir presentert 14. mai, og det er venta at andre valomgang vil finne stad 7. juni.

Valfusk-skuldingar

Ahmad Yusuf Nuristani

Ahmad Yusuf Nuristani er leiar for den afghanske valkommisjonen.

Foto: Omar Sobhani / Reuters

Nuristani sa på pressekonferansen at valkommisjonen no vil sende over resultatet til den offisielle valklagenemnda, som skal behandle alle skuldingar om valfusk. Det er mistanke om at så mange som ein halv million røystesetlar på ein eller annan måte kan vere juksa med.

Sjølv om alle desse skulle vise seg å vere falske, så er det svært lite sannsynleg at det kan påverke valresultatet slik at Abdullah Abdullah får over 50 prosent i første valomgang.

Den noverande presidenten, Hamid Karzai, går av etter 12 år ved makta. Grunnlova tillèt ikkje ein president å sitje lenger.

LES OGSÅ: Karzais kandidat taper i Afghanistan

LES OGSÅ: – Ble fusket under valget i Afghanistan

Viktig presidentval

Valet blir sett på som svært viktig for Afghanistan, som no i stadig sterkare grad skal stå på eigne bein etter at mesteparten av dei internasjonale styrkane i landet kjem til å trekkje seg ut.

Den islamistiske opprørsgruppa Taliban prøvde å sabotere presidentvalet, blant anna ved å gjennomføre fleire angrep i Kabul den siste veka før valet. Valet gjekk likevel i hovudsak greitt føre seg, sjølv om det har kome mange klagar på valfusk.

PRIO-forsker Kristian Berg Harpviken sier valgresultatet i Afghanistan er godt nytt for de som vil ha et relativt stabilt Afghanistan. - For de som sitter i Washington og andre hovedsteder så er dette godt nytt.

VIDEO: Kristian Harpviken mener resultatet er overraskende.

Forskar og direktør Kristian Berg Harpviken ved Institutt for fredsforsking, Prio, seier at valresultatet er overraskande, fordi to av kandidatane fekk ein så stor del av røystene. Han ser på resultatet som positivt for Vesten, fordi både Abdullah Abdullah og Ashraf Gani er interesserte i eit godt forhold til dei vestlege landa.

LES OGSÅ: En av disse kan vinne valget i Afghanistan

LES OGSÅ: Tidligere ISAF-sjef til NRK: Viktig for Taliban å spolere valget

LES OGSÅ: Skutt av skarpskyttere da han skulle stemme

LES OGSÅ: Afghanske velgere trosset trusler

SISTE NYTT

Siste nytt