Hopp til innhold

Obama: – Me er heldige som har Stoltenberg i ei tid som denne

WASHINGTON (NRK): Som venta var Ukraina og Libya sentrale tema då Natos generalsekretær, Jens Stoltenberg, møtte USAs president i dag. Og i etterkant av møtet fekk Stoltenberg ros frå den amerikanske presidenten.

Se hele pressemøtet om etter møtet mellom Obama og Stoltenberg

VIDEO: Sjå Stoltenberg og Obama si oppsummering av møtet.

– Det er ei utfordrande tid for Nato, og me er heldige som har generalsekretær Jens Stoltenberg i leiarrolla i ei tid som dette, sa USAs president etter møtet mellom USAs sjef og Natos sjef i Det kvite hus.

– Nato er ein hjørnestein i global tryggleik

Dei to leiarane fortalde at dei hadde snakka om både situasjonen i Aust-Europa, i tillegg til den store trugselen frå terrorgrupper i Midtausten. Natos rolle oppi det heile er særs viktig, sa Obama.

– Nato er ein hjørnestein i global tryggleik. Og det er viktig når ein ser den aggressive haldninga frå Russland, sa Barack Obama til den frammøtte pressa etter møtet med Stoltenberg.

US-NATO-DEFENSE

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg (til venstre) og USAs president Barack Obama møttest i dag og rosa kvarandre etter møtet var over.

Foto: NICHOLAS KAMM / Afp

Den amerikanske presidenten understreka at det er viktig at Minsk-avtalen, som er forhandla fram av Russland, Frankrike, Tyskland og Ukraina, vert følgt opp nøye.

Og han meiner det er viktig at partnarskapssamarbeidet mellom Nato og Ukraina, som vart inngått før Krim vart annektert av Russland, vert brukt for alt det er verdt.

– Viktig å bygge kapasitetar i Jordan, Irak og Libya

Dei to var også einige om at forsvarskapasiteten i Libya må byggast opp så snart det er mogleg. Men begge veit godt at det ikkje er mogleg no, i eit land kor anarkiet rår og to regjeringar kjempar om å få kontroll over landet.

Stoltenberg meiner også at det er viktig å bygge kapasitetar i land som er særskild utsette, slik som Jordan, Irak og Libya. Han meiner Nato kan bidra med å bygge ein slik militær kapasitet.

(Saka held fram under videoen)

Gro Holm intervjuer Stoltenberg direkte i Dagsrevyen

Høyr Gro Holms samtale med Stoltenberg sendt i Dagsrevyen 26. mai.

Stoltenberg åtvarar mot budsjettkutt

Men for å få til noko slikt trengst det pengar, noko generalsekretæren veit godt. Difor kom han også med ein bodskap han seier han tek med seg til alle Natos hovudstader, nemleg at to-prosentmålet er viktig å nå.

Dette målet handlar om at to prosent av eit lands statsbudsjett skal brukast på å bygge forsvar.

– USA er alltid langt over dette målet, så dette er ein bodskap til våre andre allierte. Det er viktig med ressursar om me skal vere kapable til å levere det me har lova, sa Stoltenberg.

SISTE NYTT

Siste nytt