USA-GAYMARRIAGE/DOMA File photo of gay couple Duran and Shields kissing after their gay marriage in New York - Ray Durand og ektemannen Dale Shields kyssar etter å ha blitt dei første som gifta seg i New York etter at homoekteskap vart lovleg i sommar. No har dei også Obama si støtte. - Foto: POOL / Reuters

Ray Durand og ektemannen Dale Shields kyssar etter å ha blitt dei første som gifta seg i New York etter at homoekteskap vart lovleg i sommar. No har dei også Obama si støtte.

Foto: POOL / Reuters

Obama går inn for homoekteskap

Den amerikanske presidenten Barack Obama annonserte i dag at han no går inn for å legalisere homofile ekteskap.

Dermed er Obama den første sitjande president som går inn for ekteskap mellom to personar av same kjønn.

Det var i eit intervju med tv-kanalen ABC at Obama kom med annonseringa, skriv Huffington Post.

Obama - Barack Obama er i dag blitt historisk ved at han er den første sitjande presidenten som gir støtte til ekteskap mellom same kjønn. - Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Barack Obama er i dag blitt historisk ved at han er den første sitjande presidenten som gir støtte til ekteskap mellom same kjønn.

Foto: LARRY DOWNING / Reuters
Blitt pressa i fleire år

Det homofile miljøet i USA har i fleire år oppfordra presidenten til å snu i ekteskapsspørsmålet. Temaet har vore oppe i den offentlege debatten i USA dei siste vekene, og presset har dermed auka på Obama.

På søndag fortalte visepresident Joseph Biden at han personleg var komfortabel med homofile ekteskap. Dagen etter gjekk også utdanningsministeren i USA ut og sa det same.

Men det er ikkje berre grunn for å feire for dei homofile i USA. I går vedtok nemleg delstaten Nord-Carolina ein lov som definerer eit ekteskap for å vere mellom mann og kvinne.

Obama gav uttrykk for vonbrot over lova, men det var openbart vanskeleg for han å fordømme lova samtidig som han sjølv ikkje ville gi si støtte til homoekteskap.

Minimal politisk innverknad

Det at Obama no går inn for homofile ekteskap vil ikkje ha noko stor politisk innverknad. Det meste vert nemleg avgjort på delstatsnivå eller i rettssalane. Til dømes så vedtok retten i California i februar i år at eit forbod mot homofile ekteskap var i strid med Grunnlova.

Likevel er det klart at Obama si støtte vil ha ein svært stor symboleffekt. Ved å vere den første presidenten som går inn for homoekteskap gjer han terskelen mykje lågare for andre politikarar.

Det er i dag 30 amerikanske statar som har eit forbod mot homofile ekteskap.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Utvalgte dokumentarer

Br. dokumentar. Menneskene som omgikk den tyranniske diktatoren som hersket i Libya i 40 år, forteller om den voldelige og noen ganger sårbare mannen de arbeidet for. (Mad Dog: Inside the Secret World of Muammar Gaddafi)
Fr. dokumentar. Ukrainas politiske historie er preget av ekstreme hendelser og kaos. Russland tok tidlig kontrollen, og Stallin henrettet sju millioner mennesker. Etter Sovjetstatens oppløsning har ikke landet klart å samle seg. Orangerevolusjonen i 2004 slo feil, og en anti-orangerevolusjon fikk Viktor Janukovitsj stemt inn som president. (Ukraine, from Democracy to Chaos)
Da. dokumentar. Finnes det barnearbeid og -slaveri i Elfenbenskysten? Da sjokoladeindustrien fikk beskyldninger rettet mot seg, ble det igangsatt tiltak for å motarbeide trafficking og bygge opp skoler for barna i landet. Men hvor mye er egentlig blitt gjort? Miki Mistrati ville se selv. Han fant ut at forholdene er verre enn han fryktet. (Lyssky Chokolade)

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)