Barack Obama ber Israel opne grensene. - Brack Obama ber Israel opne grensene for naudhjelp til Gaza. - Foto: LARRY DOWNING / REUTERS

Brack Obama ber Israel opne grensene for naudhjelp til Gaza.

Foto: LARRY DOWNING / REUTERS

Obama ber Israel opne grensene

USAs president Barack Obama ber Israel opne grenseovergangane til Gazastripa for å få inn naudhjelp.

Den nyinnsette presidenten ber også Israel opne for handel med Gazastripa som del av ein avtale om varig våpenkvile.

Obama sa dette like etter at han formelt utnemnde George Mitchell som ny amerikansk utsending til Midtausten.

Obama sa i Det kvite hus i kveld norsk tid at grunnlinene for ein varig våvpenkvileavtale no er klare.

George Mitchell blir ny amerikansk Midtausten-utsending. - George Mitchell er ny amerikansk Midtausten-utsending. - Foto: TIM SLOAN / AFP

George Mitchell er ny amerikansk Midtausten-utsending.

Foto: TIM SLOAN / AFP

- Hamas må stanse skytinga av rakettar mot Israel. Israel vil fullføre tilbaketrekkinga av sine styrkar frå Gazastripa, og USA og våre allierte vil delta i arbeidet med å hindre Hamas i å skaffe seg nye våpen, sa Obama blant anna.

Barack Obama sa at han vil sende Mitchell til Midtausten så fort som det er praktisk mogleg, og at han der vil gjere alt han kan for å sikre ein varig avtale om våpenkvile mellom Israel og Hamas.

George Mitchell (75) er kjend for å vere ein dyktig meklar, og han kan blant anna vise til gode resultat frå forhandligane mellom dei stridande folkegruppene i Nord-Irland. Han har også ei viss erfaring frå Midtausten.

Han har også brei erfaring frå Kongressen, der han blant anna har vore fleirtalsleiar for Det demokratiske partiet.

Den erfarne diplomaten lovar å gjere alt han kan for å få til varige resultat i kruttønna Midtausten, men han innser også at det er mange grunnar til å vere skeptisk til om det er mogleg å lukkast med å forhandle fram ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane.

- Nøkkelen til suksess er at begge partane er interesserte i ei løysing, og at USA er aktivt med i prosessen, seier Mitchell.

Video: Valgkampen i gang i Israel

Video nsps_upload_2009_1_23_9_28_15_8.jpg - Foto: Nyhetsspiller /

(NRK-Reuters)

Siste saker

Utvalgte dokumentarer

Ty. dokumentarserie. 100 år etter at krigen braut ut, får vi ei ny historie om dei grufulle åra, ikkje fortalt gjennom makthavarane, men slik 14 personar har skildra opplevingane sine. Dei åtte episodane er sett saman av oppdikta scener, gamle arkivklipp og animasjonar. I første episode er 14 år gamle Marina saman med faren, som er oberst, på ei togreise til fronten. Kunstnaren Käthe Kollwitz og mannen hennar må sjå at sonen deira på 17 vervar seg som soldat til krigen. (Tagebücher des Ersten Weltkrieges) (1:8)
Norsk dokumentar fra 2009. I 2008 dro Anja Breien til Irak for å følge jesidiene, et folk som bekjenner seg en ur-religion etablert før kristendom og islam fikk fotfeste. Deres hellige sted er Lalish Tempel i irakisk Kurdistan, i et dalføre som jesidiene tror var Paradisets dal. Der tilber de solen og ilden, og deres historie overleveres muntlig. Jesidiene er forsøkt utslettet gang på gang gjennom århundrer, i dag aktualisert gjennom trusselen fra ISIL.
Ty. dokumentar. Et sterkt vitnesbyrd fra krigen i Syria. Regissør Talal Derki følger to kamerater som har fått livet snudd på hodet av borgerkrigen: Basset, 19 år, er fotballspiller og sanger. Ossama på 24 er fotograf og pasifist. De drømmer om å få fjernet Bashar al-Assad og demonstrerer for frihet og demokrati. Men når konflikten blir mer voldelig, blir de unge også mer opprørske og tar til våpen. Filmen vant prisen for beste dokumentar på Sundance Film Festival. (Return to Homs)