Hopp til innhold

Ti islamistar drepne i Mali

I Mali har det blussa opp nye kampar. Islamistar har dei siste dagane gått til angrep, sprengt ei bru og drepe sivile. Nyleg måtte ti islamistar bøte med livet i møte med franske spesialstyrkar.

MALI-FRANCE-UN-ELECTIONS-POLITICS-FILES

Ein fransk soldat patruljerer gatene i Gao, der det denne veka var fleire angrep frå islamistiske grupper. Ti islamistar vart drepne då dei prøvde å angripe eit fransk helikopter i byrjing av oktober.

Foto: LIONEL BONAVENTURE / Afp

Omkring ti islamistar er drepne i kamp med franske spesialstyrkar nord i Mali tidlegare denne månaden, opplyser franske styresmakter. Det er den siste nyheita i ei rekkje urovekkjande nyheiter frå Mali den siste veka.

Opna eld mot fransk helikopter

Dei franske spesialstyrkane kom i strid med væpna terrorgrupper 1. oktober i landsbyen Douaya nord for Timbuktu. Styrkane hadde rykt ut for å sjekke opplysningar om at det kunne vere militante opprørarar i området, opplyser den franske militærtalsmannen Gilles Jaron.

Opprørarane opna eld mot eit fransk helikopter, noko som starta kampar som varte i fire timar. Det blei ikkje meldt om drepne eller såra på den franske sida.

Landet er prega av uro framfor det planlagte parlamentsvalet i november. Tysdag vart ei bru sprengd i vêret sør for byen Gao, og det har vore kampar i same by den siste veka.

Dei to siste vekene har også representantar for den etniske gruppa Tuareg vore utydelege på om dei vil delta i den maliske fredsprosessen, eller om dei vil bryte fredsavtalen dei signerte tidlegare i sommar.

Grunna den urolege situasjonen nord i Mali, så vil ikkje Frankrike redusere talet på soldatar så raskt som dei først hadde planlagt. Landet er framleis i ein oppbyggingsfase etter at Mali velte ny president i juli. Den 24. november skal ei ny folkevalt forsamling veljast.

LES TOMM KRISTIANSEN SIN ANALYSE: Mali – en kake som kan deles

Utsett tilbaketrekkinga

Frankrike har 3.200 soldatar i Mali, eit tal som var planlagt redusert til 1.000 ved årsskiftet. No ser det ut til at tilbaketrekkinga blir utsett med minst ein månad. Ei FN-styrke, med støtte frå Noreg, er sett inn i Mali for å bidra til at fredsprosessen går rett føre seg.

I kaoset som følgde etter militærkuppet i Mali i 2012, erobra væpna islamistiske opprørarar store delar av Nord-Mali. Ein intervensjon frå Frankrike i januar 2011 sørgde for at eit islamistisk framstøyt som var på veg mot den strategiske byen Sévare vart stoppa.

Dei franske styrkane klarte saman med styrker frå Den afrikanske union å slå tilbake islamistgruppene.

SISTE NYTT

Siste nytt