– Vi skal hjelpe FN med å setje opp ein kommunikasjonssentral, slik at det blir lettare å koordinere hjelpearbeidet, seier Knut Kjørkleiv til NRK.no. Han reiser til Filippinane som del av ein felles nordisk innsats gjennom organisasjonen IHP, International Humanitarian Partnership, Internasjonalt humanitært partnerskap.
Dette er det første konkrete norske offisielle bidraget til hjelpearbeidet i Filippinane, ved sidan av dei
.Telefon- og dataliner
Kjørkleiv, som til dagleg jobbar som jobbar i ambulansetenesta i Kristiansand, reiser med utstyret til Örebro i Sverige, der den nordiske innsatsen blir samla. Her blir utstyret frå dei nordiske landa lasta om bord i eit Hercules transportfly frå det svenske forsvaret, som skal ta dei til Filippinane.
– Mi oppgåve blir å etablere kommunikasjonssentralen som skal gi sikre telefon- og dataliner via satellitt. I tillegg skal det setjast opp eit lite datanettverk for koordinering av hjelpearbeidet, seier Kjørkleiv.
Kjørkleiv er ein erfaren hjelpearbeidar. Dette blir hans åttande oppdrag ute i felt, denne gongen med DSB som oppdragsgivar. DSB har igjen FN som sin oppdragsgivar. Tidlegare har han blant anna jobba for Røde Kors ute.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Fryktar dødstala vil stige
Hjelpearbeidarane i dei verst ramma områda i Filippinane står overfor enorme utfordringar. Det er frykt for at over 10.000 menneske har mist livet i tyfon-katastrofen berre i provinsen Leyte. Det er frykt for at dette talet vil stige ytterlegare.
I byen Tacloban, provinshovudstaden i Leyte, seier dei lokale styresmaktene at mellom 70 og 80 prosent av husa er øydelagde.
Fleire stader er det akutt matmangel, og det har fått folk til å gå laus på det som er igjen av butikkar og matlager. Det er sett inn politi og soldatar for å hindre plyndring, men dette er krefter som i utgangspunktet har meir enn nok å gjere med å delta i hjelpearbeidet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Fryktar folk vil drepe for mat
Gymnaslæraren Andrew Pomeda (36) teiknar eit dystert bilete av situasjonen i Tacloban:
– Folk er i ferd med å ty til vald. Ein del har blitt desperate av mangel på mat eller fordi dei har mist familiane sine. Dei plyndrar butikkar og kjøpesenter. Eg fryktar at folk i løpet av den komande veka ikkje vil gå av vegen for å drepe for å skaffe seg mat.
Leiaren for Verdas matvareprogram i Filippinane, Ravenn Agrawal, seier etter eit besøk i Tacloban i dag at området ser ut som dei verst ramma områda gjorde det etter
.LES OGSÅ: