Hopp til innhold

Den norske mineryddaren John Sörbö er sleppt fri

Den norske mineryddaren John Sörbö er sleppt fri frå fangenskap i Sudan. Saman med tre andre har han vore fanga i Khartoum i over tre veker.

John Sörbö

FANGA I TRE VEKER: Den norske mineryddaren John Sørbø blei teken til fange av sudanske myndigheiter for tre veker sidan saman med tre andre, men skal no vere lauslaten.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / NTB scanpix

Saman med ein brite, ein sørafrikanar og ein sør-sudanar blei Sörbö arrestert kort tid etter eit samanstøyt mellom dei to afrikanske nabolanda.

– Alt tyder på at saka er løyst

Liv Tørres

HÅPAR DET STEMMER: Generalsekretær i Norsk Folkehjelp håpar Sörbö kjem ut av Sudan dersom det stemmer at han er lauslaten.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Liv Tørres, generalsekretær i Norsk Folkehjelp, seier ho er i samtalar med Noregs ambassadør i Sudan, og at alt tyder på at situasjonen er løyst.

– Akkurat no har vi fått melding om at alt tyder på at saka er løyst, og at Sörbö og i alle fall briten og sørafrikanaren blir lauslatne. Det er vi veldig, veldig glade for dersom det stemmer, seier Tørres.

– Det viktigaste no er at han kjem ut av Sudan, held ho fram.

LES: Arrestert nordmann i Sudan er mineryddar frå Norsk Folkehjelp

Har mekla for å få dei fri

Tidlegare president i Sør-Afrika, Tabo Mbeki har mekla med sudanske myndigheiter for å frigjere fangane, og stadfestar at dei fire no er lauslatne.

Det same gjer Noregs ambassadør til Sudan, Jens-Petter Kjemprud. Han seier til NTB at involveringa frå Mbeki har vore ein avgjerande faktor for å få sleppt fri Sörbö.

– At Mbeki kom inn og tok saka opp på høgaste nivå, har heilt openbart spelt ein utløysande faktor, seier Kjemperud.

Ambassadøren stadfestar at det står bra til med Sörbö.

– Han legg sjølv vekt på at han blitt godt behandla i fangenskap. Både han og me er svært glade for at situasjonen no har løyst seg, seier Kjemperud til NTB.

LES: – Sörbö sier han har det bra

Sudanske styresmakter arresterte nordmannen som arbeider for Norsk Folkehjelp i grenseområdet mellom Sør-Sudan og Sudan 28. april i år.

Den mest erfarne mineryddaren

Dei fire har blitt heldt i fangenskap i eit militærhovudkvarter i Khartoum, hovudstaden i Sudan.

Landdirektør Jan Ledang i Norsk Folkehjelp i Sør-Sudan seier det var ein av dei mest erfarne mineryddarane i organisasjonen som blei arrestert saman med fleire FN-tilsette.

Hevda dei trakka over grensa

Mineryddarane arbeidde på eit mineryddingsprosjekt i regi av FN i Sør-Sudan.

Sudanske representantar har hevda at dei fire utlendingane ulovleg kryssa grensa over til Sudan då dei blei arresterte.

SISTE NYTT

Siste nytt