Mannen er ein av få nordmenn som oppheld seg i Jemen. Den dramatiske utviklinga i landet har fått dei fleste til å reise. Men rett før påske kom meldingane om at han blir halden tilbake i Sana.
– Utanrikstenesta er kjend med at ein norsk borgar er arrestert i Jemen. Etter det vi kjenner til, blei han arrestert av jemenittiske styresmakter i Sana natta mellom 28. og 29. mars, seier kommunikasjonssjef i Utanriksdepartementet Frode O. Andersen til NRK.
– Jemen har det fulle og heile ansvar
– Kva gjer Utanriksdepartementet for å hjelpe han?
– Vi følgjer opp saka gjennom ambassaden vår i Riyadh i Saudi-Arabia. Vi har eit norsk honorært konsulat i Sana, men det er mellombels stengt. Vi har i vår kontakt med styresmaktene i Jemen gjort det klart at dei er fullt og heilt ansvarlege for liv og helse til den norske statsborgaren så lenge han er i deira varetekt. UD har også kontakt med dei pårørande, seier Andersen.
– I kva grad kan Utanriksdepartementet hjelpe norske statsborgarar i Jemen?
– Det er svært lite norske styresmakter kan gjere for å hjelpe nordmenn som oppheld seg i Jemen, og vi har lenge rådd folk frå å reise til, eller opphalde seg i landet. Slik situasjonen i Jemen er no, er det også ekstra vanskeleg å få stadfesta informasjon i denne konkrete saka, seier Andersen.
Student og frilansar
Mannen, som kjem frå Hordaland, reiste til Jemen for å studere i 2011. Året etter tok han medieutdanning i Noreg og arbeidde som vikar ein periode før han returnerte til Jemen. Frå 2013 har han kombinert studieopphaldet med frilansarbeid for fleire norske og internasjonale medium.
– Mannen har dei siste to åra levert enkeltreportasjar og rapportar til NRK på same måte som han har gjort til andre, seier nyheitsdirektør i NRK, Per Arne Kalbakk.
Har levert til fleire medium
– Kva har NRK gjort for å følgje opp saka etter at det blei kjent at han sat fengsla i Sana?
– Vi har vore i kontakt med Utanriksdepartementet fleire gonger etter at vi fekk vite dette, og er også i fortløpande dialog med familie og venner. Som arbeidsgjevar har NRK primært ansvar for eigne medarbeidarar og journalistar som har reist ut på konkret oppdrag frå oss, men vi ønskjer sjølvsagt å bidra med det vi kan for å løyse denne situasjonen, seier Kalbakk.
Situasjonen i Jemen har utvikla seg i dramatisk retning den siste tida. I februar tok Houthi-militsen kontroll over hovudstaden Sana. Seinare har militsen teke kontroll over store delar av landet. Regjeringa til den sunnimuslimske presidenten Abd-Rabbu Mansour Hadi søkte først tilflukt i Aden, og flykta seinare vidare til Saudi-Arabia.
Fleire land, med Saudi-Arabia i spissen, har sidan 23. mars gjennomført luftangrep mot Houthi-militsen. Fleire hundre menneske er drepne i kampane i Jemen dei siste vekene.