Hopp til innhold

Nord-Korea opnar grensene for utlendingar igjen

Nord-Korea har varsla at dei tek mot utanlandske turistar igjen, etter at ebolafrykt gjorde at landet stengde grensene i oktober i fjor. No opnar landet også opp igjen for maraton-turistar.

Nord-Korea opnar for turistar igjen.

Utanlandske turistar er velkomne til å vitje Nord-Korea igjen. Også Pyongyang maraton opnar for utanlandske deltakarar igjen.

Foto: KCNA / Reuters

Det stadig meir populære Pyongyang maraton 12. april, som vart stengt for utlendingar etter turiststansen i oktober, er opna for utanlandsk deltaking igjen. Den Beijing-baserte turoperatøren Koryo Tours, som dei fleste nordmenn som reiser til Nord-Korea brukar, opplyser at dei kan ta mot påmeldingar til Pyongyang maraton fram til 16. mars.

Egil Skarpsno under Pyongyang maraton.

Alvdølen Egil Skarpsno i fint driv i sentrum av den nordkoreanske hovudstaden Pyongyang.

Foto: Privat

Turoperatøren hadde før stenginga av grensene registrert 450 påmelde utlendingar til maratonløpet i den nordkoreanske hovudstaden i april. Det er uklart om det var nordmenn blant desse.

Koryo Tours marknadsfører også ein 10-kilometer i Pyongyang i juni og ein halvmaraton i området ved Mount Paekdu i august. Koryo Tours har arrangert reiser til Nord-Korea sidan 1993.

Deltok sju gonger

Egil Skarpsno frå Alvdal i Hedmark har delteke i Pyongyang maraton sju gonger, alle gongane som einaste nordmann. Det starta i 1999, etter at han vart norsk meister i maraton. Forbundet spurde om han ville delta i Nord-Korea, og han takka ja. Siste gong han var med var i 2006.

– Dette er absolutt noko eg vil tilrå folk å prøve. Det var ei stor oppleving, og eg har mange gode og spesielle minne frå åra eg var med der, seier Skarpsno til NRK. Han fortel at det var mange restriksjonar, blant anna vart han grundig ransaka og han måtte levere frå seg mobiltelefonen.

Det var også restriksjonar på kva dei kunne gjere og kvar dei kunne reise.

Egil Skarpsno under Pyongyang maraton.

Egil Skarpsno deltok i Pyongyang maraton sju gonger.

Foto: Privat

Lurte seg ut

– Vi vart godt passa på, men eg trur likevel dei hadde litt større tillit til idrettsutøvarar enn til vanlege turistar. Eg greidde å lure meg ut på treningsturar, og då fekk eg sjå ting som styresmaktene ikkje ville at eg skulle sjå. Det var mykje elende i Pyongyang, seier han.

Elles var det eit flott og profesjonelt arrangement, hugsar han, og det var ei eventyrleg stemning på tribunane. Det var 30.000 tilskodarar inne på stadion der starten og målgangen var. Då han deltok, fortel han, var det eit svært eliteprega maratonløp. Det var rundt 100 deltakarar i herreklassa, og av dei var rundt 25 utlendingar.

Ikkje berre eliteløparar

No har også Pyongyang maraton blitt langt større, og det er ikkje lenger berre eliteløparar som er med. I fjor var minst tre nordmenn på arrangementet. Og det er framleis mogleg å melde seg på til arrangementet søndag 12. april.

Nord-Korea truer med flere rakettutskytinger

FN: Nord-Korea omdøper skip for å unngå sanksjoner

Frykter Nord-Korea kan få nærmere 100 atomvåpen

SISTE NYTT

Siste nytt