Hopp til innhold

Nord-Korea avviser hacking av Sony Pictures

I ei nyheitssending på nordkoreansk fjernsyn blir det avvist som «ville rykte» at landet skulle stå bak eit dataangrep som ramma filmselskapet Sony sist veke – Men det var eit rettferdig angrep, legg dei til.

Klipp frå nordkoreansk fjernsyn og frå Sonys film om attentat på Kim Jong-un.

VIDEO: Sjå klipp frå nordkoreansk nyheitssending og traileren til «The Interview».

Sony Pictures i Los Angeles vart utsett for eit alvorleg angrep mot selskapet sitt dataanlegg. Det vart gjort stor skade på dataanlegget t, samstundes som fleire ikkje ferdige filmar vart gjort tilgjengelege på nettet.

Programleiar på nordkoreansk fjernsyn.

Entusiastisk nyheitsanker på nordkoreansk fjernsyn.

Foto: APT

Personnummer til tilsette i selskap vart også gjort offentlege, blant dei for fleire kjende personar, melder BBC.

Likar ikkje film

Årsaka til at mistanken vart retta mot Nord-Korea er at angrepet var svært likt eit angrep mot Sør-Korea i fjor. Dessutan er Sony i ferd med å lansere filmen «The Interview», som handlar om to journalistar som får i oppdrag å drepe Nord-Koreas leiar Kim Jong-un.

Det er snakk om ein komedie, og nordkoreanske styresmakter er mildt sagt lite begeistra for filmen, som dei meiner er ei grov krenking av Kim Jong-un. Nordkoreansk fjernsyn karakteriserer filmen som «ei terrorhandling».

Filmen handlar om to amerikanske journalistar som får audiens hos Kim Jong-un, og så blir dei verva av CIA til å ta livet av den nordkoreanske diktatoren. Filmen har premiere i USA over jul.

Nord-Koreanske styresmakter har til og med klaga den enno ikkje ferdige filmen inn for FN.

LES OGSÅ: Kinesisk eksgeneral advarer Nord-Korea

LES OGSÅ: Nord-Korea truer med atomprøvesprengning etter FN-kritikk

– Rettferdig angrep

Amerikansk film om Nord-Korea

Slik blir Kim Jung-un framstilt i den amerikanske filmen «The Interview».

Foto: APTV

Styresmaktene i Nord-Korea seier likevel at angrepet mot Sony Pictures var «rettferdig», og at USA skal vere klar over at Nord-Korea har støttespelarar og sympatisørar over heile verda som kan stå bak dataangrepet.

Det føderale politiet i USA, FBI, har åtvara andre selskap i landet om at ukjende hackarar har starta eit større dataangrep med ei programvare som kan vere øydeleggjande.

LES OGSÅ: Nord-Korea og Russland styrker båndene

LES OGSÅ: To amerikanere hjemme fra nordkoreansk fangenskap

– Støttar terror

I videoen over er det først eit klipp frå det statlege fjernsynet i Nord-Korea, der programleiaren seier ho blant anna at Nord-Korea ikkje veit kvar Sony Pictures held til i USA, og at dei heller ikkje treng å vite det.

Ho seier også at dei veit at Sony Pictures er i ferd med å lage ein film som støttar eit terrorangrep mot leiaren for den nordkoreanske republikken. Programleiaren seier også at filmen er ein del av den fiendtlege politikken USA fører mot Nord-Korea.

Andre del av videoen viser traileren til filmen det er snakk om. Dette klippet kjem ikkje frå nordkoreansk fjernsyn.

LES OGSÅ: – Kim Jong-un opererte bort cyste i ankelen

LES OGSÅ: Nord-Korea vil diskutere menneskerettigheter