Den katalanske restauranten El Celler de Can Roca kom i år på andreplass i kåringa av dei 50 beste restaurantane i verda. Ingen norske restaurantar kom med på topp 50-lista, men Restaurant Frantzen i Stockholm kom på 23. plass.
Ei fjør i hatten var det likevel for Oslo-restauranten Maaemo, som kom på 79. plass på lista over dei beste restaurantane i verda.
Geranium i København kom på 42. plass i kåringa, som gjekk føre seg i London. Det er det britiske magasinet Restaurant Magazine som står for kåringa, etter grundig vurdering av i alt 900 matekspertar.
To stjerner
Noma i København har to stjerner i Michelin-guiden og går til topps i kåringa for fjerde gong. Restauranten, som har nordisk mat som spesialfelt, ligg i ein nedlagd lagerbygning i eit kaiområde i den danske hovudstaden.
I takketalen sin retta Rene Redzepi ei stor takk til alle som arbeider i restauranten, og han sa at dei var hans største inspirasjon.
– Eg veit at eg ikkje alltid er den lettaste å ha med å gjere, men de er min draum og inspirasjon. Tolmodet og dedikasjonen de har vist år ut og år inn er meir enn eg kunne ha håpa på, sa han blant anna i talen.
– Meir i vente
Sjølv om dette er fjerde gong restauranten går heilt til topps, lovde han at det er meir i vente.
– Enno er det mange oppdagingar å gjere der ute, og så mange oppskrifter å lage, sa han.
Tredjeplassen i konkurransen gjekk til Osteria Francesca i Modena i Italia.