Hopp til innhold

Neppe bindande klimaavtale i Paris

– Klimaavtalen i Paris i desember blir ikkje så ambisiøs som vi ønskjer. Det blir nok ikkje nokon juridisk bindande avtale, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H). Motstanden blant viktige land er for stor.

Tine Sundtoft på 83 grader nord

Det er knappe fem månader til klimaavtalen i Paris skal vere klar. – Avtalen blir ikkje så god som vi har arbeidd for, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er store forventningar til klimatoppmøtet i Paris. Ambisjonen er å få på plass ein forpliktande, global avtale om å kutte utsleppa av klimagassar.

I helga har utsendingar frå dei 17 største utsleppslanda i verda vore samla til ministermøte i Luxemburg. På møtet deltok blant andre USA, Kina, India, EU og Brasil. Noreg og fleire andre land har delteke som observatørar.

I løpet av møtet er det blitt meir klart korleis ein avtale i Paris kan bli sjåande ut.

Ban Ki-moon på Svalbard

FNs generalsekretær, Ban Ki-moon besøkte Svalbard i juli for å oppdatere seg på korleis klimaet endrar seg i Arktis. Reisa var ein del av førebuingane hans til klimatoppmøtet i Paris. Her er han, saman med kona Ban Soon-taek, på forskingsskipet RV Lance. Til høgre: Direktør for Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther.

Foto: Eivind Molde / NRK

Stor motstand

– Det ser ikkje ut til å vere stemning for juridiske bindande utsleppsmål. Motstanden frå dei dominerande landa er for stor, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft, som deltok på møtet i Luxemburg. Då må vi gjere det som er nest best, nemleg å lage eit system der vi alle kan sjå kvarandre i korta, seier ho.

– Sjølv om avtalen ikkje blir så god som vi ønskjer, ser det ut til å bli semje om at landa må følgje klare reglar for å rapportere om nye utsleppskutt. Det vil trass alt vere eit stort framsteg, seier Sundtoft.

På klimakonferansen i Lima i fjor var det semje om å arbeide for ein avtale som omfattar alle land.

FNs klimasjef Christiania Figueres og klima- og miljøminister Tine Sundtoft

FNs klimasjef, Christiana Figueres (tv.) er ansvarleg for dei internasjonale klimaforhandlingane – klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) har ansvar for den norske klimapolitikken. Her framfor Kronebreen, lengst inne i Kongsfjorden på Svalbard.

Foto: Eivind Molde / NRK

Viktig at alle er med på avtalen

– Kor mykje er ein avtale i Paris verdt dersom den ikkje er juridisk bindande?

Kyotoavtalen er juridisk forpliktande, men omfattar berre eit fåtal land. Det at dei store utsleppslanda, som USA og Kina, no vil ha eit system for open rapportering av utslepp, er positivt, seier Sundtoft til NRK. Og ikkje minst er det positivt at det er semje om at avtalen skal omfatte alle land. Det er det som kan redde klimaet på jorda, ikkje ein juridisk bindande avtale som berre omfattar eit fåtal land, seier ho.

Ferdig i felt

Forskarar i arbeid på isen i Polhavet for å finne svar på korleis klimaet vil utvikle seg i åra som kjem. Dei deltek på toktet Norwegian Young sea ICE cruise, eller N-ICE2015.

Foto: Eivind Molde / NRK

Når ikkje togradersmålet

I Lima var det også semje om at alle land skal rapportere til FN om kva mål dei har for å kutte i utsleppa sine. Det skal skje i tida fram til Paris-møtet. Til no har land som samla står for nesten 60 prosent av utsleppa i verda meldt inn sine mål, og det er venta at langt fleire kjem på banen før 1. oktober.

– Det som er meldt inn så langt, er ikkje nok til å nå målet om at temperaturen på jorda ikkje skal stige med meir enn to grader samanlikna med førindustriell tid, seier Sundtoft. Derfor må vi jobbe for å få på plass ein avtale i Paris som er starten på ei endring i den måten landa jobbar på for å redusere utsleppa sine, seier ho til NRK.

Over helga arrangerer Frankrike nok eit ministermøte om klimaforhandlingane, og onsdag og torsdag er framdrifta i klimaforhandlingane tema på eit møte for miljøvernministrane i EU.

Klimatoppmøtet i Paris går av stabelen frå 30. november til 11. desember.

SISTE NYTT

Siste nytt