Hopp til innhold

Mona Sahlin tilbyr seg å gå av

Leiaren for dei svenske sosialdemokratane, Mona Sahlin, tilbyr seg å gå av, og ber heile partileiinga stille plassane sine til disposisjon.

Mona Sahlin

Mona Sahlin ber heile partileiinga i Det sosialdemokratiske partiet om å stille plassane sine til disposisjon.

Foto: Leif R Jansson / Scanpix

Sahlin seier dette til Sveriges Televisjon etter at det har kome fram sterk intern kritikk mot partileiinga, ikkje minst frå ungdomspartiet.

Ekstraordinær partikongress

Det er planen å kalle inn til ein ekstraordinær partikongress neste år. 4. desember i år skal Socialdemokraterna sitt tillitsråd få i oppgåve å velje eit råd som skal foreslå nye leiarar.

Kritikken mot partileiinga kjem frå fleire hald. I tillegg til ungdomsorganisasjonen har også viktige medlemer i i krisekommisjonen i partiet gått inn for at leiinga skal trekkje seg etter det dårlege valresultatet.

Socialdemokraterna fekk 30,7 prosent av røystene ved valet i september i år, noko som er det svakaste resultatet for partiet sidan 1914. For første gong stod partiet i spissen for eit raudgrønt regjeringsalternativ, men det borgarlege alternativet fekk fleirtal hos veljarane.

Nederlaget kom trass i at valet handla om Socialdemokraterna sine kjernesaker, kamp mot arbeidsløuse og auka skilnader mellom fattige og rike.

Krisemøte i partileiinga

Ei anonym kjelde i partiet seier til Aftonbladet at det berre nokre av Sahlin sine nærmaste medarbeidarar som ynskjer at ho skal halde fram som partileiar.

Kunngjeringa frå Mona Sahlin kjem etter at partileiinga har vore i krisemøte for å diskutere vegen vidare for partiet. Ein av dei sentrale medlemene i partiet, leiar for forsvarskomiteen i Riksdagen, Håkan Juholt, har tidlegare sagt at heile partileiinga må bere eit kollektivt ansvar for det dårlege valresultatet.

Sist veke kravde ungdomsorganisasjonen SSU at heile partileiinga, Sahlin inkludert, måtte gå av under det neste landsmøtet.

SISTE NYTT

Siste nytt