Hopp til innhold

Mohamed Morsi dømd til døden

Tidlegare president i Egypt, Mohamed Morsi, er dømd til døden av ein egyptisk domstol. Også meir enn 100 andre personar fekk dødsdom i same rettssak.

President Mohamed Mursi bak gitter i en rettssal i Kairo i Egypt

Mohamed Morsi vart dømd til døden av ein egyptisk domstol i dag. Dommen skal først vurderast av eit islamsk råd, før ein endeleg dom fell 2. juni.

Foto: AL YOUM AL SAABI / Reuters

Morsi er dømd til døden etter å ha arrangert ei masserømning frå egyptiske fengsel under den egyptiske revolusjonen i 2011.

Den tidlegare presidenten satt inne i eit bur då dommen vart lesen opp, og han heva handa på trass då dommaren las opp straffa.

Tyrkias president Taytip Erdogan er blant dei som er særs kritisk til dommen og seier Egypt er på veg tilbake til «oldtids-Egypt».

Ein av fleire saker mot Morsi

No skal dommen vurderast av eit islamsk råd, eit såkall stormufti, som skal gje råd om dommen og vurdere om straffa er i tråd med egyptiske lovar. Stormuftiens råd er ikkje juridisk bindande. Ein endeleg dom er venta 2. juni.

Dommen er berre ein av fleire dommar mot Mohamed Morsi, som for tida står tiltalt for fire ulike rettssaker.

I april fekk Morsi ein dom på 20 år i fengsel for å ha oppmoda til drap på demonstrantar under ein fredfull demonstrasjon i Kairo i desember 2012.

Egypts første demokratisk valde president

Den tidlegare presidenten leia Egypt i tida etter revolusjonen i 2011. Han vart i juni 2012 Egypts første demokratisk valde leiar, og sat som president fram til hæren fjerna han i juli 2013.

I 2014 vart han og fleire andre leiarar av partiet hans, Den muslimske brorskapen, tiltalt for å ha oppmoda til drap på demonstrantar.

Også ein annan leiar av Den muslimske brorskapen, Mohammed Badie, er tidlegare dømd til døden for å ha oppmoda til vald og kaos.

(Artikkelen held fram under videoen):

Egypts tidligere president Mohamed Morsi er sammen med 105 andre dømt til døden i en egyptisk domstol.

Rettssystemet får kritikk

Opposisjonen i Egypt meiner at det egyptiske rettssystemet er kontrollert av den noverande regimet, som har erklært Den muslimske brorskapen som ein terrororganisasjon.

Egypts mange rettssaker mot tilhengarar og leiarar av Den muslimske brorskapen har også blitt sterkt kritisert internasjonalt. Landets rettsstell møter krass kritikk, og ifølgje FN har ein aldri sett maken til hurtigrettsaker nokon annan stad i verda tidlegare.