Hopp til innhold

Desse geriljagruppene kan stå bak bortføringa på Filippinane

Fire militante grupperingar kan stå bak bortføringa av norske Kjartan Sekkingstad og tre andre frå ferieøya Samal, opplyser filippinsk politi til NRK.

Ifølge politiet viser videoen bortføringen av nordmannen og tre andre på Filippinene.

Denne videoen viser ifølgje filippinsk politi korleis dei fire blir tekne som gislar. Fleire væpna personar eskorterer gislane over ein kvit landgang og norske Kjartan Sekkingstad er ein av dei. Politiet kjenner framleis ikkje identiteten og motivet til gjerningsmennene men har fire militante grupper.

Kjartan Sekkingstad

Kjartan Sekkingstad jobba som dagleg leiar på hotellet Holiday Oceanview Resort då han og tre andre vart tekne som gislar av ukjende gjerningsmenn måndag kveld.

Foto: Scanpix

Tysdag morgon blei det kjent at nordmannen Kjartan Sekkingstad, to kanadiarar og ei filippinsk kvinne er tekne som gislar av ukjende gjerningsmenn frå Holiday Oceanview Resort på ferieøya Samal, sør på Filippinane.

Aaron Aquino, som er visepolitimeister i området og leiaren for den filippinske etterforskinga av bortføringssaka, seier til NRK at dei mistenkjer ei av desse fire geriljagruppene for å stå bak gisselaksjonen:

Moro-fronten for islamsk frigjering (MILF)

Sjølv om den store majoriteten av filippinarane er kristne, har sørlege delar av Filippinane ein betydeleg muslimsk minoritet.

Moro-fronten for islamsk frigjering (MILF) har minst 10.000 væpna medlemmer og er den desidert største av fleire grupper som sidan 1970-talet har kjempa for sjølvstende i Mindanao-regionen sør i landet.

Det er derimot gjort store framsteg i fredsforhandlingane mellom MILF og styresmaktene i løpet av dei siste åra, og i mars i fjor vart partane samde om ein ny fredsavtale med sikte på avvæpning i byte mot større sjølvstende for regionen.

Sosialantropolog Arne Røkkum

Arne Røkkum er sosialantropolog og professor ved Kulturhistorisk museum og har gjort feltarbeid om urfolk på Filippinane sidan 2008.

Foto: Privat

Sosialantropolog og professor Arne Røkkum meiner MILF i utgangspunktet ikkje er tent med å gjennomføra terror- eller bortføringsaksjonar og har teke avstand frå slike verkemiddel dei siste åra.

Ifølgje Røkkum kan MILF likevel ikkje avskrivast som mistenkt i den aktuelle gisselsaka.

– Kor stabil er eigentleg den nye fredsavtalen og kor stabil er MILF som gruppe? For det første har ikkje fredsavtalen tredd i kraft enda og det er politisk motstand mot den i det filippinske Senatet. For det andre har MILF tidlegare opplevd splitting som følgje av intern usemje rundt fredsforhandlingar, påpeikar Røkkum.

PHILIPPINES-MUSLIM-UNREST-PEACE

Geriljasoldatar frå den muslimske opprørsgruppa MILF feira i fjor signeringa av ein ny fredsavtale. Men både gruppa og fredsavtalen står på ustø grunn, påpeikar professor og sosialantropolog Arne Røkkum.

Foto: TED ALJIBE / Afp

Abu Sayyaf

Abu Sayyaf er ei langt mindre gruppe enn MILF, med rundt 400 militante medlemmer. Namnet betyr «Gud sitt sverd» og gruppa skal ha band til terrornettverket Al Qaida.

Abu Sayyaf vil ikkje ta til takke med autonomi, men har som mål å oppretta ein ny, konservativ muslimsk stat som også omfattar område i Malaysia, Indonesia og Sør-Thailand.

– Det er ei lita gruppe med store ambisjonar, seier sosialantropolog Røkkum.

Han har gjort feltarbeid om stammefolk på Filippinane sidan 2008 og kjenner konflikten i området godt.

Abu Sayyaf har blitt stadig meir radikalisert og valdeleg og står bak fleire terroråtak på Mindanao og andre stader på Filippinane. Gruppa er også kjent for sine mange bortføringar og drap på både filippinarar og utlendingar sidan tidleg på 1990-talet.

Dåverande Asia-korrespondent for NRK, Kjersti Strømmen, blei sett fri etter tre døgn i fangenskap hos Abu Sayyaf i år 2000.

Soldater fra Abu Sayyaf på Filippinene.

Geriljagruppa Abu Sayyaf har band til Al Qaida, støttar terrorgruppa IS er ikkje framand for å ty til terror og bortføringar i kampen for ein uavhengig muslimsk stat. Biletet er teke i 2000, under forhandlingane om løysepengar for 21 vestlege gislar sør på Filippinane.

Foto: ROMEO GACAD, ROMEO GACAD / AFP

Filippinsk politi meiner likevel at gisselaksjonen måndag kveld ikkje var typisk for Abu Sayyaf. Dei kallar den amatøraktig og meiner Abu Sayyaf ville ha nytta raskare båtar og tyngre våpen.

Røkkum ved Kulturhistorisk museum er ikkje heilt einig i resonnementet.

– Gruppa er ei av dei mest aktive i regionen og har ein lag historikk med terror og gisseltaking. Båttypen treng ikkje vera vesentleg. Det finst også små bandittgrupper på Mindanao som ikkje har leiarskap. Dei kan finna på ta gislar og selja desse til Abu Sayyaf eller andre for å tena pengar, poengterer han.

Bansang-Moro Islamic Freedom Fighters (BIFF)

BIFF er ei utbrytargruppe frå MILF som sidan lausrivinga i 2008 har fått eit hundretals medlemmer.

På lik linje med Abu Sayyaf kjempar BIFF for ein større og heilt uavhengig islamsk stat og har vore aktive i regionen dei siste åra. Begge gruppene har flagga støtte til terrorgruppa Den islamske staten.

I januar i år var opprørarar frå både MILF og BIFF involverte i dei dødelege samanstøytane som oppstod under politioperasjonen mot ein etterlyst malaysisk terrorist i byen Mamasapano, berre eit par hundre kilometer unna Samal, ifølgje Landguiden til det svenske Utrikspolitiska Institutet.

PHILIPPINES-POLICE-REBELLION

I januar i år var opprørarar frå både MILF og BIFF involverte i ei tolv timar lang skotveksling med filippinsk politi som kravde fleire titals menneskeliv. Samanstøyten fann stad ikkje langt frå området der ein nordmann no er bortført.

Foto: MARK NAVALES / Afp

New People`s Army (NPA)

Sjølv om muslimske utbrytarorganisasjonar har vore mest aktive i området dei siste åra, peikar eit sentralt spor i denne saka i retning av geriljaorganisasjonen NPA – den militante fløya til kommunistpartiet i landet.

Den kommunistiske geriljahæren har i fleire tiår kjempa for revolusjon og har truleg ein hærstyrke på 5000 mann spreidd ut over store delar av Filippinane.

Mistanken mot NPA er primært basert på ein papirlapp som vart funnen av tryggingsvaktar på brygga der gisseltakarane la til båtane sine. På lappen stod det "Rettferd for kommandanten vår: NPA".

Medlemmer av geriljagruppa New People`s Army (NPA)

Ein papirlapp på åstaden for bortføringa har fått politiet til å retta mistanke mot NPA, den militante greina til det filippinske kommunistpartiet.

Foto: STRINGER/PHILIPPINES / Reuters

Det blir no spekulert i om målet med gisselaksjonen er å få formannen i CPA og NPA, Benito Tiamzon, ut av fengsel. Tiamzon vart arrestert i mars i fjor.

– NPA har også drive med gisseltaking, men det er ikkje like typisk for dei som for dei muslimske gruppene. Når dei definerer fiendane sine er det gjerne utanlandske gruveselskap, fortel professor Røkkum.

Dei to kanadiske mennene som også er bortførte, saman med nordmannen og den filippinske kvinna, er tilknytte eit kanadisk gruveselskap med verksemd i området, ifølgje CNN.

Politiet understrekar likevel at den mystiske papirlappen kan vera ein avleiingsmanøver og at det i realiteten er andre som står bak.

SISTE NYTT

Siste nytt