Hopp til innhold

Minst 35 soldatar drepne av Al Qaida i Jemen

NYE ÅTAK: I dag angreip Al Qaida ein militær utpost sør i Jemen. Minst 35 soldatar er drepne, og fleire helsepersonell er skadde.

Jemenittiske soldatar inspiserer ein bil i hovudstaden Sanaa etter to sjølvmordsbombingar.

Jemenittiske soldatar inspiserer ein bil i hovudstaden Sanaa etter to sjølvmordsbombingar.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp

Seinast i går utløyste ein sjølvmordsbombar ei bilbombe ved ein miltiærleir sørvest for Sanaa, hovudstaden i Jemen. I dag blei minst 35 soldatar drepne i eit nytt Al Qaida-åtak.

– Talet på drepne er venta å stige sidan mange enno ikkje er blitt overførte til sjukehus, opplyser helsepersonell på staden.

Kampane mellom soldatane og Al Qaida starta etter at to sjølvmordsbomber gjekk av tidlegare, der målet for bombene var dei angripne soldatane. Al Qaida-opprørarane opna deretter eld mot dei jemenittiske soldatane.

LES:

LES: Selvmordsangrep i Jemen

Tok Al Qaida-militantar til fange

Tolv Al Qaida-opprørarar blei drepne i kampane og ti blei tekne til fange.

Talet på skadde etter samanstøyten som skjedde sør i Zinjibar er enno ikkje kjent, men blant dei skal det vere fleire helsepersonell.

Åtaket er eitt av fleire som har skjedd etter at president Abdrabuh Mansur Hadi tok over makta i februar. Sjølv om Jemen har fått ny president, har det ikkje vore slutt på uroa i landet.

LES: Håper ny president vil redde Jemen fra borgerkrig

Dagen då Hadi tok over som president, og sverga å kjempe mot Al Qaida-nettverket i landet, sprengde ein sjølvmordsbombar bilen hans i lufta rett utanfor presidentpalasset. 25 soldatar blei drepne i bombinga.

I hovudstaden Sanaa har det vore mange demonstrasjonar den siste tida. Zinjibar har vore sterkt kontrollert av Al Qaida-millitantar sidan mai i fjor.

Den jemenittiske hæren har kjempa mot ekstremistiske militantgrupper i dette området i snart eitt år.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt