Hopp til innhold

Minst 28 skadde i togkrasj i California

Minst 28 menneske er skadde etter at eit passasjertog kolliderte med eit køyretøy like utanfor byen Oxnard i det sørlege California i ettermiddag norsk tid. Tilstanden skal vere kritisk for fire av dei.

Video av området etter togulukka.

VIDEO: Mange skadde i togulukke.

Ulukka skjedde mellom dei to byane Oxnard og Camarillo i morgonrushet i dag. Fleire skal vere alvorleg skadde, og det har også kome ikkje stadfesta meldingar om at det er omkomne.

Dei siste meldingane tyder på at det ikkje er omkomne etter ulukka.

Augevitne har fortalt til CNN at eit køyretøy, som kan ha vore ein traktor, vart ståande på togskjenene i eit kryss. Føraren av køyretøyet stakk av frå staden, men vart seinare arrestert av politiet.

Minst fire av togvognene spora av. Det byrja å brenne i køyretøyet toget kolliderte med.

Togulukka skjedde klokka 0645 lokal tid, klokka 1545 norsk tid. Toget var fullt av menneske på veg til jobb i Los Angeles.

oxnard california