Hopp til innhold

Minst 19 døde etter nytt angrep i Peshawar

Det skal eigentleg vere dagen for bøn i Pakistan, men i Peshawar har fredagen blitt til eit nytt blodbad. Minst 19 skal vere drepne i eit terrorangrep frå Taliban.

PAKISTAN-UNREST-NORTHWEST

Staden vert sikra av tryggingspersonell etter nytt terrorangrep mot ein moske i Peshawar. Minst 18 skal vere drepne i angrepet.

Foto: A Majeed / Afp

– Det var ein stor eksplosjon. Eg kan sjå mange skadde liggande framfor meg, seier augevitnet Muhammad Raza til nyheitsbyrået AFP.

Så mange som 60 menneske skal vere skadde etter at moskeen vart angripen med både granatar og skytevåpen. Den pakistanske fløyen av Taliban har teke på seg ansvaret.

Kampar mellom angriparane, politi og soldatar haldt på i fleire timar ved sjiamoskeen, melder fleire nyheitsbyrå.

Peshawar har blitt ramma av fleire terrorangrep i det siste, mellom anna angrepet på ein barne- og ungdomsskule der 150 menneske vart drepne. Også for to veker sidan var det eit angrep mot ein sjiamoske, då ein sjølvmordsbombar drap 61 menneske.

Militæret i Pakistan har sidan juni hatt ein offensiv gåande mot opprørarar rundt Peshawar.

Operasjonen skal, ifølgje militæret sjølve, ha resultert i at rundt 2000 opprørarar har blitt drepne. Men offensiven har også hatt sin pris, og det har funne stad fleire store motangrep.

SISTE NYTT

Siste nytt