Hopp til innhold

Angela Merkel og CDU haltar vidare

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel slit i motvind. Som leiar av Europas største land og sterkaste økonomi, har det falle på henne å styre Europa gjennom eurokrisa. Det er ingen vinnarsak på heimebane. Og så kom Japan. Og Libya.

Angela Merkel

Det er ikkej bare kneet til den tyske forbundskanslaren Angela Merkel som er vondt for tida. Også den politiske ståa smertar.

Foto: PATRICK LUX / Afp

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Det var eit politisk tidsskilje i tysk – og europeisk politikk – som passerte med valet i delstaten Baden-Württemberg nyleg.

Ikkje bare har Dei Grønne for første gong fått statsministeren i ein tysk delstat. Det er første gongen rørsla tar inn ein slik posisjon i det heile tatt på dette nivået i Europa.

Atomtrøbbel og veljartrøbbel

Winfried Kretschmann

Winfried Kretschmann fra Dei Grøne var den som jubla mest valnatta.

Foto: THOMAS KIENZLE / Afp

For Tysklands forbundskanslar Angela Merkel var delstatsvalet eit audmjukande nederlag.

Baden-Württemberg er kalla både kronjuvelen og utstillingsvindauget til dei tyske kristelegdemokratane, ein delstat som CDU har styrt uavbrote i 58 år.

Ein blomstrande hage med ein årleg vekst på over fem prosent og ei arbeidsløyse på bare litt meir enn halvparten av Tyskland elles, og enda lengre under EU-gjennomsnittet.

Å halde fast på Baden-Württemberg skulle vere enkel rutine for CDU.

Men så skjedde altså denne ulykka ved atomkraftverket i Japan. Angela Merkel har vore ein sterk og stødig tilhengar av atomkraft, men da tsunamien råka Fukushima to veker før dei tyske delstatsvala, snudde ho 180 grader og gav ordre om at sju av dei sytten atomkraftverka i Tyskland straks skulle stengast.

Eit ferskt forslag om å forlengje levetida til dei eldste kraftverka, blei også straks trekt tilbake.

Merkel var snar til å forklare valresultatet med dei tragiske hendingane i Japan, og alt tyder på at det var ein slik samanheng – men på ein annan måte enn ho ville ha det til.

I auga til mange veljarar var snuoperasjonen hennar ei panikkhandling. Klønete desperat meir enn prinsipiell. Det blei sett som opportunisme i alle leirar og vann henne ingen nye tilhengarar.

Tvert om forsterka det bare nedturen på meiningsmålingane. På få dagar fall ho fire poeng og ligg nå for første gong etter SPD-leiaren Frank-Walter Steinmeier i popularitet.

Euro-problemet

Men Merkel var i motvind før vi lærte namnet Fukushima.

Som leiar av Europas største land og sterkaste økonomi, har det falle på henne å styre Europa gjennom eurokrisa det siste året. På heimebane er det inga vinnarsak.

Svært mange hardt arbeidande og disiplinerte tyskarar føler at skattepengane deira blir dryssa over ansvarslause søreuropearar.

Tysklands forsvarsminister Karl-Theodor zu Guttenberg

Forsvarsminister Karl-Theodor zu Guttenberg måtte trekke seg.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Så måtte forsvarsminister Karl-Theodor zu Guttenberg, trekkje seg her i vinter etter å ha blitt avslørt for plagiat i samband med ei tidlegare doktoravhandling.

Guttenberg var landets aller mest populære politikar, og det var eit slag for heile regjeringa – og Merkel ikkje minst – da han måtte pakke sakene sine.

Endeleg kom avstemminga om Libya i FNs tryggingsråd nyleg, der Tyskland overraskande avstod frå å røyste.

Av mange tyskarar blei dette oppfatta som ei uønska tilbakevending til ei isolert etterkrigstid da landet ikkje var med og tok internasjonalt ansvar.

Fleire i trøbbel

Det ansvaret må Merkel i så fall dele med utanriksministeren Guido Westerwelle frå regjeringspartnaren FDP.

Fridemokratane er også på full nedtur. Partiet fekk halvert oppslutninga si i Baden-Württemberg, og i Rheinland-Pfalz måtte FDP seie heilt takk for seg i delstatsforsamlinga.

Westerwelle står på målingane som landets minst populære politikar.

Guido Westerwelle

FDP-leder og utanriksminister Guido Westerwelle.

Foto: GEOFF CADDICK / Afp

Med god grunn varslar han tung sjølvransaking.

Sosialdemokratane SPD har ingen grunn til å juble oppe i alt dette. SPD gjorde også eit elendig val i Baden- Württemberg.

Trøysta er at dei får vere med i regjeringa i delstaten, men i den uvanlege posisjonen som juniorpartnar til Dei Grønne.

Miljøidiotar

Dei Grønne er den same rørsla som tidlegare forbundskanslar Helmut Schmidt for 30 år sidan omtalte som miljøidiotar som kom til å forsvinne like fort som dei hadde dukka opp.

Nå har dei altså for første gong velta mektige CDU med miljøpolitikken sin. To av dei fire atomkraftverke i Baden-Württemberg er nå plutseleg stengt.

Utfordringa til Dei Grønne er nå å vise at dei ikkje bare er eit «imot-parti». At partiet er noe meir enn ei døgnfluge i regjeringskontora.

Når dei nå skal møte den politiske kvardagen, skal dei dømmast på sysselsetjing og økonomisk politikk, helse og utdanning.

Sit framleis

Det siste tre kvart året har CDU mista tre delstatar. Nordrhein-Westfalen på forsommaren i fjor, Hamburg tidlegare i vinter – og nå altså Baden-Württemberg.

Paradoksalt nok sit Angela Merkel likevel temmeleg trygt. I partiet er det ingen klare utfordrarar etter at den populære Guttenberg forsvann. Og kanslar er ho i alle fall til valet i 2013. CDU er framleis landets største parti, også på meiningsmålingane.

Men ho har mista tillit, og ho må sjå seg om etter ny partnar. Ho har forsøkt SPD og FDP. Mange meiner at ho nå må tenkje heilt nytt, og til og med vurdere Dei Grønne som koalisjonspartnar.

For det skal politisk kunst til for at Merkel kan gjenreise posisjonen sin fram mot neste val.

SISTE NYTT

Siste nytt