Hopp til innhold

McCain i husbråk

John McCain klarte ikkje å svare på kor mange hus han eig. Svaret er sju, seier mediene. McCain har ikkje føresetnad for å forstå vanlege folk sin situasjon, seier Barack Obama.

John McCain
Foto: MATT STROSHANE / AFP

Eit ganske uskuldig spørsmål tok presidentkandidat John McCain på senga, og har skapt ny brudulje i den amerikanske valkampen.

"Kor mange hus har du?" spurde nettstaden Politico. "Eg må spørre staben min," svarte John McCain.

McCain kom etter kvart fram til at han har fire hus, men mediene seier at han har sju hus som er verd i alt 65 millionar kroner.

- Forstår ikkje vanlege folk

Dette har fått konkurrenten Barack Obama til å gå kraftig til åtak mot McCain. Korleis kan McCain forstå frykta folk har for å miste husa sine når han sjølv har sju hus verdt tretten millionar dollar? spør Obama, som har McCain hakk i hæl på meiningsmålingane.

- Viss du ikkje veit kor mange hus du har, så er det ikkje så rart at du trur at økonomien vår er sterk, slik McCain trur, seier ein krass Obama.

- Men viss du har berre eitt hus og kanskje risikerer å miste det, så ser du det kanskje annleis. Det er eit fundamentalt skilje mellom den verda John McCain lever i og den verda der vanlege folk lever, seier Obama.

Verken Ronald Reagan, George Bush den eldre eller Bill Clinton hadde meir enn to hus.

Stemplar kvarandre som elitistar

Halvard Leira

Halvard Leira ved NUPI.

Foto: NUPI

- Obama har berre venta på eit høve som dette. I det siste har McCain framstilt Obama som elitist og sagt at han liknar meir på Britney Spears og Paris Hilton enn på ein amerikansk presidentkandidat, seier Halvard Leira ved Norsk Utanrikspolitisk institutt (Nupi).

- McCain sin glipp gjer det mogeleg for Obama-kampanjen å køyre opp det McCain sa for nokre dagar sidan at for å vere rik må ein tene 5 millionar dollar. Det var sagt i spøk, men det betyr lite i politisk reklamesamanheng. Så kan ein teikne eit bilete av ein person som er ute av stand til å setje seg inn i vilkåra for vanlege amerikanarar som slit med å betale huslåna sine, seier Leira.

"McCain seier at økonomien vår er sterk. Men han hugsar ikkje kor mange hus han sjølv eig. Og her er eitt hus han ikkje bør sleppe til i, nemleg det kvite hus", seier kommentatorstemma i reklama frå Obama-kampanjen.

Demokratane tek silkehanskane av

Det nye med desse annonsane er at demokratane slår såpass kraftig tilbake.

- Dette er eit interessant signal om at demokratane denne gongen kjem til å ta att, seier Halvard Leira.

- Det som var kritikken mot demokratane for fire år sidan var at republikanarane køyrde ein massiv negative kampanje, og at demokratane ikkje svarte med same mynt. Dette er eit interessant teikn på at silkehanskane så definitivt er av, seier Leira.

Etter reklamen frå demokratane svarte McCain-kampanjen med å minne om at Obama har motteke pengar frå ein korrupsjonsdømt mann, og også tok råd om huskjøp frå same mann. Slik lyder annonsa som er McCain sitt svar til Obama:

Koplar Obama til korrupsjon

"Barack Obama veit mykje om bustadkriser. Ein av dei som har gitt mest til kampanjen hans, Tony Rezco, hjalp Obama med å skaffe hus. No er Rezco dømt til fengsel for korrupsjon. Det kallar eg bustadkrise," seier McCain-kampanjen si annonse, sjølv om Obama ikkje er innblanda i korrupsjonssaka til Rezco.

- Valkampen har potensiale til å bli ordentleg stygg. Tony Rezco var ein ven av familien og hjalp til med huskjøpet, og republikanarane verkar å berre ha venta på å køyre ut dette skytset, seier Halvard Leira.

- No kjem det også utsegner frå anonymt hald i McCain-kampanjen at dei også kjem til å grave fram denne pastoren til Obama som det var så mykje bråk om i våres, seier Leira.

Val av visepresident viktig

Det er svært jevnt mellom McCain og Obama. Så jevnt at valet av visepresident kan avgjere, meiner Leira.

- Det er lenge til valet, men dei siste meiningsmålingane viser at det er heilt jevnt. Det er så jevnt at valet av visepresident kan spele ei rolle. Vanlegvis har det lite å seie for kva veg statar går, men sidan det er så jevnt kan det ha noko å seie denne gongen, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt