Hopp til innhold

Marsjerer for Catalonias «nye framtid»

Fleire hundre tusen menneske er venta å delta i den store sjølvstendedemonstrasjonen i Barcelona i ettermiddag og kveld. Regionstatsminister Artur Mas seier marsjen er starten på eit nytt kapittel i historia til Catalonia.

Stor demonstrasjon for eit sjølvstendig Catalonia i Barcelona i ettermiddag. Marsjen markerer Catalonias nasjonaldag og starten på valkampen før valet på ny regionalforsamling 27. september. Denne marsjen er starten på eit ny framtid for Catalonia, seier regionstatsminister Artur Mas.

DIREKTE: Stor demonstrasjon for sjølvstende i Barcelona frå kl. 17.

11. september er den katalanske nasjonaldagen, og dagen blir kvart år markert med ein stor demonstrasjon til støtte for sjølvstende. I år fell dagen saman med starten på valkampen før valet på nytt regionparlament 27. september.

I ein fjernsynssendt tale i samband med nasjonaldagen sa Artur Mas i ettermiddag at det er store sjansar for at det blir fleirtal i den nye regionalforsamlinga for å erklære Catalonia sjølvstendig frå Spania. Det kan bane vegen for ei endeleg folkerøysting om sjølvstende.

Kan få reint fleirtal

Artur Mas

Artur Mas er statsminister i den spanske regionen Catalonia, men arbeider for fullt sjølvstende.

Foto: Roger Manndal, NRK

Målingar viser at sjølvstendetilhengjarane i valforbundet Junts pel Si kan få reint fleirtal i regionalforsamlinga, og Mas gjer det heilt klart at valet til det regionale parlamentet blir eit val om sjølvstende eller ikkje.

Han sa i talen sin i dag at spanske styresmakter tvingar han til å endre spelereglane, etter at den spanske grunnlovsdomstolen avgjorde at ei folkerøysting om sjølvstende vil vere ulovleg.

– Det har vore mi vilje heilt frå starten å finne ein måte der innbyggjarane skal få seie kva dei meiner om den politiske framtida si. Dei statlege institusjonane vil ikkje gi dei denne sjansen. Det som står igjen er det einaste dei ikkje kan forby, vala til det katalanske parlamentet, sa ein kjensleladd Artur Mas i talen.

– Dette er en seier

Skepsis i næringslivet

Han bad også om at alle innbyggjarane må godta avgjerda til fleirtalet, og han uttrykte håp om at brei semje og eit ynskje om å vere ein samla nasjon, skal føre Catalonia vidare etter valet 27. september.

Trass i at det truleg er fleirtal for eit sjølvstendig Catalonia, så er det også skepsis hos viktige grupper. Ifølgje Madrid-avisa El Pais er det sterk skepsis til fullt sjølvstende i det katalanske næringslivet.

Onsdag denne veka danna ei gruppe næringslivsleiarar ein organisasjonen dei kalla Catalans Pel Seny, som på norsk betyr «Katalanarar med sunn fornuft». Dei vil arbeide for utvida katalansk sjølvstyre, men ikkje fullt sjølvstende.

Pep Guardiola mener Catalonia fortjener å få stemme over sin frihet

Valget kan føre til uavhengighet fra Spania

SISTE NYTT

Siste nytt