Hopp til innhold

Mark Rutte har levert avskilssøknad

Statsministeren i Nederland, Mark Rutte, har levert avskilssøknaden til regjeringa si til dronning Beatrix.

Mark Rutte

Nederlands statsminister Mark Rutte har søkt avskil for mindretalsregjeringa han leier.

Foto: Luke Macgregor / Afp/Scanpix

Dronninga har bede Rutte om å bli sitjande inntil vidare som eit forretningsministerium. Men det går truleg mot nyval i landet.

Geert Wilders

Den kontroversielle leiaren for Fridomspartiet, Geert Wilders, nektar å godta kuttdiktat frå Brussel.

Foto: ROBIN UTRECHT / Afp

Mindretalsregjeringa til Rutte greidde ikkje å få fleirtal i nasjonalforsamlinga for omfattande kutt. Det var då budsjettforhandlingane med Fridomspartiet til Geert Wilders braut saman i helga, at krisa var eit faktum.

Nektar å godta kutt

Wilders nekta å godta kutt på mellom 14 milliardar og 16 milliardar euro.

– Fridomspartiet er samrøystes mot diktata frå Brussel og angrepa på våre eldre, skriv Wilders på Twitter søndag. Desse kutta er naudsynte for at Nederland skal oppfylle EU-målet om eit budsjettunderskot på under tre prosent av brutto nasjonalprodukt.

Fridomspartiet er ikkje med i regjeringa, men har vore eit støtteparti i nasjonalforsamlinga. Rutte har varsla at han vil tale til nasjonalforsamlinga i morgon tysdag, og at det etterpå blir opna for ein debatt om krisa.

Det kan bli gjort eit forsøk på å finne ei løysing i nasjonalforsamlinga, men det er sannsynleg at valet, som skulle haldast i mai 2015, blir framskunda.

LES OGSÅ: Islands tidligere statsminister skyldig på ett punkt

LES OGSÅ: – Nederlands statsminister går av

Har dårleg tid

Finansminister i Nederland, Jan Kees de Jager.

Finansminister Jan Kees de Jager har tru på å få gjennom dei naudsynte kutta i nasjonalforsamlinga.

Foto: TORKIL ADSERSEN / Afp

Eit eventuelt nyval kan ikkje haldast før juli, og mest truleg ikkje før etter sommarferien. Det er lenge etter fristen EU har sett for landa til å opplyse til EU-kommisjonen korleis dei skal kutte i budsjetta, som er 30. april.

Det er den økonomiske politikken som har ført til regjeringskrisa. Nederland er også ramma av den såkalla eurokrisa, og det er ironisk at regjeringa ikkje greier å få gjennom budsjettkutta som landet har pressa andre euroland til å godta.

Nederland har vore blant landa som har vore tøffast i krava om at andre land, blant dei Hellas, må få orden på økonomien. Finansminister Jan Kees de Jager har blant anna sagt at Hellas ikkje burde få internasjonal hjelp før det skjer.

LES OGSÅ: Varsler nyvalg etter kollaps i budsjett-samtaler

– Skal klare kutta

Han seier likevel at han vil halde fram jobben med å kutte i underskotet, og han avviser ei samanlikning med eurolanda i sør. Han trur framleis på at det skal bli mogleg å få til fleirtal for kutta i nasjonalforsamlinga.

Meiningsmålingar i Nederland viser at det blir svært vanskeleg å få til ei fleirtalsregjering i landet.