Hopp til innhold

Malmø: Mann drepen i skuddrama

Ein mann er skoten og drepen ved eit kjøpesenter i den sørsvenske byen Malmø. Minst ti skot skal ha blitt fyrt av rett framfor barnefamiliar som var ute på laurdagshandel.

Malmø

Ein politimannen sjekkar staden der ein mann vart skoten i ettermiddag.

Foto: Johan Nilsson / TT / NTB scanpix

– To maskerte menn jaga ein fyr over parkeringsplassen. Dei skaut ti til tolv skot, der eit av dei trefte ein bil som er eigd av ein som eg kjenner, fortel augevitnet Anders Hallbäck til Aftonbladet.se.

Hendinga skjedde rett før klokka 18 i ettermiddag ved kjøpesenteret Mobilia i Malmø.

– Folk var heilt oppjaga. Det var vanskeleg å forstå kva som skjedde. Ein rakk nærast ikkje å tenkje, fordi det skjedde så fort, fortel Hallbäck.

Ifølgje SVT skal mannen først ha blitt skoten inne på ein restaurant, for deretter å flykte ut på parkeringsplassen. Der skal han ha blitt treft av minst eit av dei rundt ti skota som vart fyrte av.

Gjerningsmennene skal etter kvart ha forsvunne frå parkeringsplassen, medan offeret låg på bakken. Vedkommande skal ha rulla inn under ein bil for å gøyme seg, men fekk etter kvart hjelp frå tilfeldige forbipasserande.

Mannen vart lagt i ein ambulanse, men livet stod ikkje til å redde. Dei pårørande skal vere informerte om dødsfallet.

Politiet har no sperra av staden kor det heile skjedde, og politiet opplyser til Aftonbladet at dei har spor som dei jobbar etter.

Ingen er førebels pågripne i saka, og det er ukjent kva som er bakgrunnen for skyteepisoden.

SISTE NYTT

Siste nytt