Hopp til innhold

Malala (14) skoten av Taliban - får hjelp på spesialsjukehus

Den pakistanske jenta Malala Yousufzai, som vart skoten i hovudet av Taliban, greier no å snakke og å stå oppreist.

Malala Yousufzai på sjukehuset i Birmingham.

Malala Yousufzai er alvorleg hjerneskadd etter å ha blitt skoten av Taliban, men gjer framsteg.

Foto: Ap

Den 14 år gamle jenta frå Swat-dalen nær grensa til Afghanistan har vore ein ivrig forkjempar for at jenter skal få utdanning. Dette vart ikkje sett på med blide auge av den islamistiske organisasjonen Taliban, som opererer både i Pakistan og i Afghanistan.

Malala Yousufzai (14) vart skoten av Taliban.

Malala vart skoten av Taliban tidlegare denne månaden. Ho fekk behandling i Pakistan før ho vart overført til eit sjukehus i Birmingham.

Foto: MOHAMMAD REHMAN / Afp

Tidlegare denne månaden vart Malala skoten i hovudet av ei gruppe væpna menn medan ho var på veg heim frå skulen. Seinare har Taliban teke på seg skulda for angrepet.

Sterke reaksjonar

Drapsforsøket har ført til sterke reaksjonar frå heile verda, og Malala har blitt eit kraftfullt symbol for jenter sin rett til utdanning. Støttegrupper på Facebook og andre sosiale medium på Internett har fått enorm oppslutning, og det er arrangert mange støttedemonstrasjonar.

Demonstrasjon til støtte for Malala i Hongkong.

Det har vore støtteaksjonar for Malala over heile verda, her frå Hongkong fredag.

Foto: PHILIPPE LOPEZ / Afp

Malala vart teken til Dronning Elizabeth-sjukehuset i Birmingham i Storbritannia for å bli operert, og medisinsk direktør ved sjukehuset, Dave Rosser, seier til nyheitsbyrået Reuters at 14-åringen har gjort store framsteg.

Dette sjukehuset har spesialisert seg på kompliserte skadar og har behandla fleire hundre såra frå krigen i Afghanistan. Sjukehuset har den største spesialavdelinga i verda for kritisk såra personar med skotskadar og forbrenningar.

LES OGSÅ: Malala behandles i Storbritannia

LES OGSÅ: – Taliban er blitt et Frankenstein-monster

Alvorleg hjerneskade

Ho har fått ein alvorleg hjerneskade, men er no i stand til å stå oppreist, og ho greier å kommunisere skriftleg. Det er godt håp om at ho igjen skal få tilbake taleevna.

Malala vart skoten på kloss hald, og ei kule trefte henne i høgre delen av panna, nær augebrynet. Trykkbølgjer frå skotet knuste den tynnaste beinet i hjerneskallen, slik at små beinsplintar trengde inn i hjernen, fortel Rosser.

Han konstaterer at hjernen er fysisk skadd, men at det er for tidleg å seie om ho vil få varige skadar på hjernefunksjonar.

Malala Yousufzai

14 år gamle Malala Yousufzai var ein aktiv forkjempar for jenter sin rett til utdanning.

Foto: STRINGER/PAKISTAN / Reuters

Det verkar som ho forstår det som blir sagt, og ho har ein del minne. Ho greier å stå, og motorikken verkar også i orden. Men om resultatet blir nedsette intellektuell kapasitet eller vedvarande minnesvikt, kan eg ikkje seie noko om enno, seier Rosser.

LES OGSÅ: Talibans 14-årige offer på bedringens vei

Må vente på operasjon

Han reknar med at det vil ta fleire veker, kanskje fleire månader, før ho kan opererast med tanke på gjenoppbygging av hjernefunksjonane. Årsaka er at også har ein infeksjon, og ho må bli heilt kvitt infeksjonen først.

Angrepet på den pakistanske 14-åringen har vekt sterke reaksjonar både i heimlandet Pakistan og i resten av verda.

Mannen som truleg organiserte angrepet på Malala vart arrestert av pakistanske tryggingsstyrkar under ein offensiv mot Taliban i 2009, men han vart sett fri etter tre månader, seier to kjelder i tryggingsstyrkane til Reuters.

Malala Yousafzai skutt i hodet

Det var 7. oktober i år at Malala Yousufzai vart skoten i hovudet av krigarar frå Taliban.

Foto: HO / Afp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.