Hopp til innhold

Lufthansa tilbyr økonomisk strakshjelp til pårørande

Det tyske flyselskapet Lufthansa, som eig Germanwings tilbyr inntil 50.000 euro per passasjer som strakshjelp til pårørande etter den tragiske flystyrten i Dei franske alpane tysdag.

Pårørande deltek i minnemarkering.

Pårørande frå fleire land deltok i dag i ei minnemarkering for dei omkomne i Seyne-les-Alpes.

Foto: PASCAL GUYOT / Afp

Det var ei talskvinne for Lufthansa som sa dette til nyheitsbyrået Reuters i kveld. 50.000 euro er vel 430.000 norske kroner. Pengane skal gå til utgifter familiemedlemene har no, og dette kjem i tillegg til det selskapet vil betale i erstatning seinare.

Stor erstatningssum

Elmar Giemulla, professor i luftfartsjus ved Det tekniske universitetet i Berlin, seier til avisa Reinische Post at den samla erstatningssummen Lufthansa truleg vil måtte betale vil liggje på mellom 10 millionar euro og 30 millionar euro.

Ein annan luftfartsjurist, Holger Hopperdietzelm, seier til Transspiegel at Lufthansa kan måtte betale opp til fleire hundre tusen euro per passasjer i erstatning til dei pårørande.

150 menneske omkom i flyulukka, som truleg vart var årsak til av andrepiloten på flyet då han manuelt endra høgdeinnstillinga på flyet.

– Leid av depresjonar

Politifolk i arbeid på styrtstaden i Dei franske alpane.

Franske politifolk i arbeid på staden der passasjerflyet med 150 menneske om bord styrta.

Foto: Francis Pellier / Afp

Det har i dag kome fram at andrepiloten har lide av depresjonar, og at han eigentleg var sjukmeld og uskikka til å flyge denne dagen. Dette greidde han å halde skjult for arbeidsgjevaren, og då han vel ein halvtime etter avgang frå Barcelona var åleine i cockpiten, gjorde han den fatale endringa på høgdeinnstillinga.

– Mellom klokka 09.30.52 og 09.30.55 (GMT) ser vi at autopiloten blir manuelt endra frå 38.000 fot til 100 fot, skriv magasinet FlightRadar24, som overvakar flytrafikken. Ni sekund seinare startar nedstiginga, truleg med autopiloten stilt inn på open nedstiging.

Desse opplysningane støttar opp om teorien som seier at andrepiloten Andreas Lubitz styrta flyet med vilje.

Flylege: – Lubitz' helsetilstand skal utløse varsling i Norge

Var sjukemeld styrtdagen

Etterforskarar har i dag gjennomsøkt både huset der flygaren budde saman med foreldra, og eit husvære han disponerte i Düsseldorf. Dokument politiet har funne tyder på at han skjulte sjukdomen sin for arbeidsgjevaren.

Etterforskarane har korkje funne avskilsbrev eller noko som tyda på at andrepiloten var knytt til ein religiøs eller politisk organisasjonen. Dei fann likevel sjukemeldingar som var rivne i stykke, og den eine av sjukemeldingane gjaldt for dagen flystyrten skjedde.

Samstundes avviste Universitetssjukehuset i Düsseldorf at Lubitz fekk behandling for depresjon, men stadfesta at han var innom sjukehuset i februar i år for å få stilt ein diagnose. Siste legebesøket hans var 10. mars.

– Dødspiloten var besatt av Alpene

Germanwings trekker uheldig annonsekampanje

SISTE NYTT

Siste nytt