I Australia har styresmaktene i dag bestemt seg for å leggje om ruta gjennom hovudstaden Canberra. Det melder International Herald Tribune.
OL-elden skal etter planen gå gjennom Canberra 24. april. Kina har bede Australia om å korte ned den opphavlege ruta gjennom byen.
Fryktar veksande protestrørsle
Ifølgje Ted Quinlan frå styresmaktene i Canberre kjem omlegginga av ruta etter dei store protestane rundt OL-fakkelen dei siste dagane.
LES:
Styresmaktene fryktar at protestane i London i går var starten på ei veksande protestrørsle der aktivistar skal prøve å overgå kvarandre i forsøk på å ta fokuset frå sjølve OL-stafetten.
- Eg er uroleg for at det skal ha vore så mange demonstrasjonar innan elden kjem hit, at det vert det folk ventar seg også her den dagen, seier Quinlan.
Vil vurdere å avlyse stafetten
Den norske idrettspresidenten Tove Paule, som er i Beijing på kongressen til alle dei 205 nasjonale olympiske komiteear i dag, har teke opp spørsmålet om å avlyse heile fakkelstafetten.
- Eg gjekk på talerstolen her i Beijing og sa at eg synest ein burde vurderer å avlyse den internasjonale delen av fakkelstafetten. Det har eg fått ein del positive tilbakemeldingar på, for det er ikkje gunstig det som skjer, seier Paule.