Hopp til innhold

Kvite ballongar i Berlin – for fridom og fred

Tusenvis av kvite ballongar svever i kveld over Berlin, for å markere at det er 25 år sidan Berlinmuren fall, og folket vart sameina. Tusenvis av tyskarar hadde møtt fram på Brandenburger Tor for å markere slutten på den historiske dagen.

Oppsummering av 25-års-markeringa for Berlinmurens fall.

Kvite ballongar som steig til himmels markerte slutten på 25-årsmarkeringa sidan Berlinmurens fall.

Bilde Brandenburger Tor

Slik ser det ut på Brandenburger Tor i kveld.

Foto: Arnt Stefansen / NRK

– Berlinmurens fall har vist at draumar kan bli verkelege, sa Tysklands forbundskanslar, Angela Merkel, under dagens markering.

Ho vaks sjølv opp i det kommunistiske Aust-Tyskland, og veit betre enn dei fleste kva murens fall har hatt å seie for den europeiske stormakta.

Kvelden vart avslutta med ein stor fest på Brandenburger Tor, der rundt 7000 kvite ballongar vart sleppte og steig til himmels. Ballongane har dei siste dagane markert ei 15 kilometer lang lysgrense, akkurat der muren stod fram til for 25 år sidan.

Meir enn ein million menneske var på førehand venta til å ta del i markeringane utandørs. Og det var stor stemning då ballongane føyk i vêret, til tonane av Beethovens niande symfoni.

– Me må ikkje gløyme at fred ikkje kan bli tatt for gitt i Europa. Europa må, meir enn nokon gong, leve opp til sitt ansvar for å verne om fridom og fred, sa EU-kommisjonens leiar Jean-Claude Juncker under markeringa.

Mange hadde møtt fram til dei ulike markeringane i Berlin. Nokre la ned roser ved muren, andre tente lys, mange tok bilete av seg sjølv framfor muren og nokre sette seg ned for å sjå historiske filmar på store kinolerret i gatene.

Folkefesten er venta å vare i Berlin utover kvelden og natta.

Sjå meir frå markeringane i Berlin i filmen ovanfor.

Berlin lichtgrenze
Foto: PAWEL KOPCZYNSKI / Reuters
Arnt Stefansen direkte frå Berlin i høve 25-års-markeringa for Berlinmurens fall.

Arnt Stefansen var med direkte frå markeringa i Dagsrevyen søndag 9. november.

SISTE NYTT

Siste nytt