Hopp til innhold

Kval-krigen held fram i Sørishavet

Sea Sheperd seier at ein av båtane deira, «Bob Barker» er pårent av ei japansk kvalfangsskute i den australske delen av Antarktis, i den andre konfrontasjonen på kort tid.

Video nsps_upload_2010_2_6_14_11_11_1337.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Sjå den dramatiske kollisjonen.

Det var i natt norsk tid at skipet til kvalfangstmotstandaren Paul Watson og organisasjonen hans Sea Sheperd var i dramatisk nærkontakt med ein japansk kvalfangar, under ein månad etter at ein «Sea Sheperd»-båt gjekk tapt i same området.

Vil hindre kvalfangsten

Ein talsmann for det japanske fiskeridepartementet seier dei arbeider med å hente inn opplysningar om det som har skjedd. Kvalfangarane har ikkje kommentert hendinga.

Også newzealandske og australske styresmakter arbeider for å finne ut kva som har skjedd.

Sea Sheperd-aktivistane prøver å hindre den japanske kvalfangsten i Sørishavet. Dei legg ut blant anna tau i sjøen for å ramme propellane til dei japanske kvalfangstskipa. Aktivistane har også kasta stinkbomber mot kvalfangarane, og forholdet mellom partane er svært spent.

Kvalfangarane har svart med å bruke vasskanonar mot Sea Sheperd, og dei har også prøvd å sende ut lydbølgjer i sjøen for å vanskeleggjere navigeringa.

Held fram kampen

Paul Watson i Sea Sheperd

Paul Watson meiner styresmaktene i Australia og New Zealand må handheve internasjonal rett i kvalfangstområdet.

Foto: Sea Shepherd Conservation Society / AP

Ingen vart skadd i samanstøyten, men det vart gjort ein del skade på eine sida av «Bob Barker». Skipet er framleis operativt, og mannskapet om bord lovar å halde fram kampen mot kvalfangsskipet "Nisshin Maru" og andre kvalfangarar i området.

Paul Watson sjølv har kommandoen om bord på ein anna Sea Sheperd-båt, «Steve Irvin», og han kan fortelje at dei er på veg til same området som «Bob Barker» for å delta i kampen.

- Etter at kvalfangarane senkte «Andy Gil», trur dei tydelegvis at dei kan tillate seg kva som helst. Og det ser ikkje ut til at dei ikkje er redde for å skade folk frå Sea Sheperd. No må styresmaktene i Australia og på New Zealand handheve internasjonal rett i dette området, seier ein rasande Sea Sheperd-leiar, Paul Watson.

Superskip ute av spel

Det som vart kalla superskipet til Sea Sheperd, «Andy Gil», vart ifølgje organisasjonen rent i senk av ein japansk kvalfangar 8. januar i år.

Senket Sea Shepherds superbåt

Watson seier at japanske kvalfangarar er langt meir aggressive denne sesongen enn dei har vore tidlegare år. Senkinga av «Andy Gil»er den mest alvorlege samanstøyten mellom kvalfangarar og Sea Sheperd hittil.

Det vart gjort ein del skade på "Bob Barker" i samanstøyten.

'Bob Barker' vart påført ein del skade på eine sida.

Foto: Lincoln Sharw, Sea Sheperd

LES OGSÅ: Norsk hvalfangst råtner på rot

LES OGSÅ: Watson skutt av japanske hvalfangere

LES OGSÅ: Bastesen vil ha biokott av kartprod

Video nsps_upload_2010_1_6_7_52_20_2825.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO om Sea Sheperds superskip 'Andy Gil'.