Hopp til innhold

Kuppleiar: – Kuppforsøket var ein stor tabbe

I Burkina Faso har leiaren for landets presidentgarde innsett at gardens kuppforsøk var feilslått, og seier no at kuppet er over. No kan valet i landet bli utsett.

BURKINA-POLITICS-COUP-UNREST

Det var særskild mange ungdommar blant demonstrantane som viste si misnøye med kuppmakarane i Burkina Faso.

Foto: SIA KAMBOU / Afp

Den siste veka har vore særs kaotisk i det vestafrikanske landet Burkina Faso. Midt under eit regjeringsmøte førre torsdag vart fleire medlemmer av landets overgangsregjering og landets mellombelse president arresterte av landets presidentgarde.

BURKINA-POLITICS-COUP-MILITARY-ECOWAS

Gilbert Diendéré er mannen som leia kuppforsøket. Han innrømmer i kveld at det heile var ein tabbe.

Foto: AHMED OUOBA / Afp

– Tabbe

Etter seks dagar med store protestar frå folket, og kraftig press frå militæret, har presidentgarden i kveld gitt opp.

– Kuppet er over. Me veit at folket ikkje er positive til dette. Det er årsaka til at me har gitt opp, seier Gilbert Diendéré, som også kallar kuppforsøket for ein stor tabbe.

Den vestafrikanske samarbeidsorganisasjonen Ecowas har mobilisert dei siste dagane for å forhandle fram ei løysing.

I avtalen som no ligg på bordet har kuppmakarane fått garantert sin eigen og familiane deira sin tryggleik. Samstundes skal dei trekke seg tilbake til sein eigen base og fjerne seg frå områda dei har hatt kontroll over.

Burkina Faso Coup

Demonstrantane var mange etter at presidentgarden i Burkina Faso utførte eit kupp førre veke. Mange er misnøgde med gardens rolle i landet.

Foto: Theo Renaut / Ap

Valet kan bli utsett

Overgangspresident Michel Kafando er i kveld tilbake i leiarstolen, etter at han vart fjerna førre veke. No ser landet fram mot eit nytt val der folket skal få velje kven dei vil ha som leiar. Det er eitt år sidan fleire hundre tusen menneske demonstrerte i Burkina Fasos gater, og Blaise Compaore vart fjerna etter 27 år i presidentstolen.

Men det etterlengta valet kan bli utsett. Landets statsminister, Isaac Zida, seier valet kan bli flytta fleire veker av tekniske årsaker.

BURKINA-POLITICS-COUP-MILITRAY

Overgangspresident Michel Kafando er no tilbake i leiarsetet etter ei turbulent veke i Burkina Faso.

Foto: SIA KAMBOU / Afp

Valet er også delvis årsaka til at presidentgarden valte å gjennomføre kupp. Dei er misnøgde med at folk som stod tidlegare president Compaore nært, ikkje får stille til val. Dei har også vore særs misnøgde med overgangsregjeringa sine forsøk på å minimere presidentgardens makt i Burkina Faso.

Uroleg også i nabolanda

Statsminister Zida gjentok også dette i kveld, at presidentgardens rolle i Burkina Faso ikkje kan halde fram med å vere slik som den er i dag. Overgangsregjeringa meiner dei er for mektige.

Burkina Faso var fram til oktober i fjor eit fredeleg land, som mellom anna bidrog som meklarar i konfliktar i Vest-Afrika. Men då Compaore ville gjere om på grunnlova, for å kunne sitte lengre som president, braut det ut store og valdelege opptøyar.

I nabolanda Mali og Elfenbeinskysten, samt i Nigeria, har det vore uroleg dei siste åra, og det har vore frykt for at den gryande uroa i Burkina Faso kunne føre til større problem. Men førebels ser det ut til at kuppforsøket vart med eit forsøk.

SISTE NYTT

Siste nytt