George W. Bush set seg på flyet vekk frå Washington og Det kvite hus onsdag morgon, men kryssa i praksis målstreken denne veka med den siste pressekonferansen, den siste talen sin til nasjonen og eit dusintal siste-intervju i mediene elles.
Les:
Les:
Les:
Ein uvanleg aktiv innspurt for einkvar president, og veldig uvanleg til denne å vere. Bush er opptatt av ettermælet sitt og er trygg på at den beste til å konkludere, er han sjølv.
Les:
Nett-TV:
Han har tatt tøffe avgjerder, seier han, og det kan ikkje vere tvil om resultatet: Sju år utan eit einaste nytt terroråtak på USA.
Han har gjort verda friare, sa han i går natt til nasjonen. Og brukte dette ordet som han elskar og har brukt så ofte og vatna ut i alle samanhengar: Fridom.
Som ein kommentator skriv: Bush har punktert det ordet så grundig at det nesten er uråd å høre det i hans munn utan å tenke på Janis Joplin som song at "fridom" bare er "eit anna ord for at det ikkje er noe meir igjen å tape".
- Er misforstått
Vi kan bare ane kva han meiner når han seier at det er ting han ville ha gjort annleis. Bush har alltid vore dårleg til å innrømme feil. Retorikken hans er blitt misforstått, seier han.
Han blei misforstått da han stod ombord i hangarskipet Abraham Lincoln 1. mai 2003 og erklærte oppdraget i Irak utført, seier han. Kanskje ville han gjort det annleis.
Skandalen i Abu Ghraib-fengselet og at det ikkje var masseødeleggingsvåpen i Irak, kallar han skuffelsar, ikkje feil.
Og han avviser all kritikk om brot på grunnleggande rettsprinsipp i kampen mot terror, med hemmelege fengsel, bruk av tortur og overvaking av alt og alle.
Ein av dei verste
Og mens historikarane alt utnemner han til ein av dei verste presidentane i USAs historie, er Bush sjølv lite uroa over historiens dom.
Historikarane plasserer han på linje med James Buchanan som fekk skylda for borgarkrigen, Warren Harding som var medlem av Ku Klux Klan og Herbert Hoover som ikkje takla krakket i 29.
Bush derimot samanliknar seg med Harry Truman, som var svært upopulær da han flytta ut av Det kvite hus, men i dag står som ein av vinnarane av den kalde krigen og er rekna blant dei beste presidentane.
Det står likevel fast at George W. Bush overlet til etterfølgjaren sin to uferdige krigar og generell mistillit til USA på bortebane, og økonomisk samanbrot, budsjettunderskot og ei statsgjeld på 80 tusen milliardar kroner på heimebane.
Han har prøvt å auke presidentmakta og hevde sin rett til å fengsle kven han vil kor lenge han vil, utan lov og dom. Han har vore døv for råd frå gode venner og har gitt blaffen i FN og internasjonale avtalar. Og han etterlet seg eit USA der gapet mellom fattig og rik er større enn på 80 år, arbeidsløysa aukande og utsiktene dårlegare enn noen gong i nyare tid.
Kunne blitt landsfader
Bush hadde sin gyldne sjanse som landsfader etter 11. september, men skusla den bort med internasjonal arroganse og ein grunnlaus invasjon i Irak.
Han dumma seg ut da orkanen Katarina råka New Orleans. Og da han til slutt gjorde eit halvhjerta forsøk på å skape fred i Midtausten, endte det altså med enda ein krig.
Finanskrisa kan Bush knapt få skylda for aleine, men det er den som kjem til å stå som den endelege spikeren i kista. Rettferdig eller ikkje, det er økonomien som avgjør suksess eller fiasko for politiske leiarar.
Kanskje kjem det ein dag da George W Bush får æra for demokrati i Midtausten eller seieren over AIDS-epidemien i Afrika. Kanskje har vi "misundervurdert" han, for å ta eit av desse pussige orda som Bush brukar i dei alltid haltande og grammatisk ufullstendige setningane sine.
Eller, kanskje burde han tatt jobben som amerikansk baseballsjef, da han hadde høve til det i staden for å la seg velje til guvernør i Texas tidleg på 90-talet. Mye hadde vore annleis.
Samla USA
Bush nådde i alle fall målet sitt om å samle USA. Aldri har amerikanarane vore så samla som nå - i synet sitt på presidenten. Derfor gjekk det som det gjekk også i valet i november.
Så Bush må kunne ta litt av æra også for at USA har fått sin første svarte president.