Hopp til innhold

Nigerianske kvinner krev innsats for å få jentene fri

Kvinner i Nigeria krev at styresmaktene i landet gjer meir for å finne igjen dei rundt 200 skulejentene som vart bortførte av terrororganisasjonen Boko Haram nyleg.

Raudkledde demonstrantar i Abuja i Nigeria.

Blant dei raudkledde demonstrantane i Abuja var også tidlegare visedirektør i Verdsbanken, Obiageli Ezekwesil.

Foto: PHILIP OJISUA / Afp

Det var for to veker sidan av den islamistiske terrororganisasjonen Boko Haram bortførte over 200 jenter frå ein skule i det nordlege Nigeria. I dag kom det fram at fleire av jentene har vorte tvangsgifta med krigarar frå organisasjonen.

Onsdag marsjerte fleire tusen nigerianske kvinner utanfor nasjonalforsamlinga i hovudstaden Abuja med krav om at regjeringa og hæren må gjere meir for å sette fri dei bortførte jentene.

LES OGSÅ: – Vi må ikkje gløyme bortførte Nigeria-jenter

Krev innsats for å få nigerianske jenter sette fri.

Presset aukar på den nigerianske regjeringa om å gjere noko for å få dei bortførte jentene sette fri.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

Nådde ikkje målet

Kraftig regn i Abuja onsdag ettermiddag gjorde at arrangøren av demonstrasjonen ikkje nådde målet sitt om å samle ein million kvinner i kravet om handling for at skulejentene blir sette fri. Marsjen har vore promotert på Twitter under hashtagen #BringBackOurGirls#.

Laster Twitter-innhold

Demonstrantane, både kvinner og menn, bar plakatar med bodskapen «Finn døtrene våre» og liknande. Dei fleste var kledde i raudt, og ein av organisatorane bak marsjen, Hadiza Bala Usman, seier til AFP at demonstrasjonane utanfor nasjonalforsamlinga vil halde fram heilt til jentene er sette fri.

– Vi vil også krevje å få møte presidenten, om ikkje regjeringa forpliktar seg til å redde desse jentene, seier ho blant anna.

Laster Twitter-innhold

– Gir oss ikkje

Demonstrasjon i Abuja i Nigeria.

– Gi oss jentene våre tilbake, krev desse demonstrantane i Abuja i Nigeria.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

Ein av dei andre initiativtakarane til protesten, tidlegare visepresident i Verdsbanken Obiageli Ezekwesili, seier at dei ikkje har tenkt å gi seg før militæret set i verk ein skikkeleg redningsaksjon. Ho braut saman i gråt fleire gonger under demonstrasjonen.

Mange kritisere også nigerianske massemedia for å bry seg for lite om saka med dei bortførte jentene.

Mange foreldre har reagert sterkt på den nigerianske hæren si manglande vilje til å prøve å redde jentene. Ein av fedrane, Sambido Hosea, fryktar at mødrene sjølve vil gå inn i jungelen for å leite etter døtrene sine. Då vil også mennene følgje etter, seier han.

– Vi har ikkje våpen, og du veit korleis desse hjartelause mennene i Boko Haram vil reagere på det, seier Hosea. Han fryktar at det kan føre til at heile lokalsamfunnet der jentene høyrer til blir radert ut.

Protestar etter kidnappingar i Nigeria.

Mange marsjerte utanfor nasjonalforsamlinga i Abuja med krav om handling for å få dei bortførte jentene fri.

Foto: PHILIP OJISUA / Afp

LES OGSÅ: 100 jenter skal være bortført fra skole i Nigeria

LES OGSÅ: Mange drept i bombeangrep i Nigeria

Over heile landet

Det har vore liknande demonstrasjonar i fleire andre byar i Nigeria. både i nord og sør, blant anna i Kano, som ligg i eit område der Boko Haram har vore svært aktive dei siste åra. President Goodluck Jonathan er sett under stadig sterkare press dei siste dagane.

Det blir oppgitt ulike tal for kor mange jenter som vart bortførte frå skulen i Chibok i den nordaustlege delstaten Borno. Guvernøren i Borno seier at 129 jenter vart kidnappa og at 52 av dei har greidd å rømme.

Dette talet blir avvist at lokale innbyggjarar i Borno, blant dei rektoren ved skulen der jentene gjekk.

Han seier at 230 jenter i alderen 16–18 år vart bortførte, og at 187 framleis blir haldne fanga på ukjend stad.

LES OGSÅ: Nesten 10.000 skoler angrepet på fem år

LES OGSÅ: Boko Haram slaktar ned for fote i Nord-Nigeria

LES OGSÅ: Massakrer herjer Nigeria: – Folk blir slaktet som kyr

LES OGSÅ: Over 100 skal være drept i Nigeria

SISTE NYTT

Siste nytt