Hopp til innhold

Krabba tre dagar gjennom jungelen etter bilulukke

Ein mann krabba i tre dagar gjennom jungelen for å finne hjelp, etter at bilen han køyrde hamna utanfor vegen i Malaysia.

Malaysia Accident Survivor

Bilen som malaysiske Nicholas Andrew køyrde, hamna på taket inne i jungelen utanfor hovudvegen.

Foto: Ap

Malaysiske Nicholas Andrew var ute og leverte bryllaupsinvitasjonar til veslesøstera sitt bryllaup, då han mista kontrollen over bilen han køyrde, og hamna utanfor vegen og inn i jungelen i Malaysia.

– Alt eg kan hugse, er at eg mista kontrollen over bilen. Det neste eg hugsar er at eg opna augo, nede i ein 20 meter djup dal med gjørme og mykje vegetasjon, fortel Andrew ifølgje Themalaymailonline.com.

Andrew braut foten og arma, og passasjeren som sat på omkom i ulukka. Andrew forsøkte å få kontakt med passasjeren som sat på, men han fekk ikkje svar. Han bestemte seg då for å finne hjelp, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Saka held fram under biletet.

Malaysia Accident Survivor Nicholas Andrew, M. Ratna

Nicholas Andrew overlevde etter å ha krabba i tre dagar gjennom jungelen for å finne hjelp. Her får han hjelp frå kona M. Ratna.

Foto: Ap

Alvorleg skadd og med store smerter, byrja Andrew å dra seg gjennom skog og kratt.

– Eg bestemte meg for at eg ikkje skulle døy åleine inne i skogen, fortel Andrew.

Etter å ha krabba i tre dagar nådde han ei elv, i svært dårleg form, med sår og kutt over store delar av kroppen, tok han seg vidare oppover langs elva.

– Plutseleg fekk eg auge på ein mann. Eg ropte som ein galen, og forsøkte å få kontakt. Eg trudde eg ikkje var blitt oppdaga, fordi mannen gjekk sin veg, seier 33-åringen frå sjukesenga.

Mannen kom seinare tilbake med fleire andre, og til slutt greidde dei å lokalisere og hente ut Andrew.

Han er no innlagd på eit sjukehus i Tapah, like nord for hovudstaden Kuala Lumpur, sør-aust i Asia.

SISTE NYTT

Siste nytt