Hopp til innhold

Korrupsjonssikta eks-minister delte ut høghæla sko til flaumråka

Den mektige «glamourpolitikeren» Elena Udrea har alltid gjort som ho ville. No er ho og fleire andre mektige politikarar i Romania, sikta for grov korrupsjon.

Elena Udrea i handjern

Eks-minister og tidlegare presidentkandidat Elena Udrea i moteriktig antrekk då ho vart ført inn på politistasjonen i Bucuresti.

Foto: Scanpix

Det er freistande å dra parallellen til den franske dronninga Marie Antoinette, som skal ha sagt at bøndene kunne ete kake om dei ikkje hadde brød.

I 2010 delte turistminister Elena Udrea ut sjokolade og høghæla sko til flaumråka ved elva Siret.

  • SJÅ VIDEO:

Elva hadde vaska vekk eit dusin heimar, og fire landsbyar var evakuerte.

Flom

Ei flområka kvinne prøvar skoa som vart delt ut av minister Udrea.

Udrea fortalde ho hadde stoppa på vegen og tømt ein bensinstasjon for sjokolade.

- Så har eg vakre sko til dykk, sa Udrea. Ho delte ut øskjer med stilige svarte sko, til dei vantru tilhøyrarane i landsbyen Săuceşti.

Fleire hadde mista alt dei eigde.

Turistminister Elena Udrea forsvarte seg med at sjølv i krisetider hadde kvinner rett til å sjå elegante ut, og ikkje minst måtte dei sleppe å gå i plaststøvlar.

«Glamourpolitikaren»

ROMANIA TOURISM MINISTER

Elena Udrea som turistminister,

Foto: DRAGOS CRISTESCU / AP

Elena Udrea har stått for «glamouren» i rumensk politikk. Eit naturleg midtpunkt når eliten kosar seg med champagne og technorytmer i feriebyen Mamaia. Der dei superrike og supermektige i Romania festar.

Rumenske paparazzier elskar å ta bilde av den blonde politikaren på stranda ved Svartehavet.

Ho var ekskona til ein rik forretningsmann og høgre handa til tidlegare president Traian Basescu.

Ho kunne gjere og seie akkurat det ho ville. Alt for mektig til å bli utfordra av rettsstellet i Romania.

  • SJÅ VIDEO:

Med handjern og Gucci

Det var difor ein sensasjon då Udrea, kledd i siste mote frå Gucci, vart ført inn på ein politistasjon i handjern i februar.

Ho var sikta for å ha hjelpt ektemannen vaske millionar av Euro. Pengar tent ved å selje overprisa programvare til skular.

- Alle gjorde det

ROMANIA BILL GATES MICROSOFT

Bill Gates blir dekorert av president Traian Basescu i 2007. Lite visste Gates at rumenske politikarar kravde dobbel pris på programvaren hans. Microsoft har mange tilsette i Romania, og det blir sagt at rumensk er det andre største språket i Microsoft etter engelsk.

Foto: VADIM GHIRDA / AP

Udrea er ikkje einaste politikar involvert i skandalen, som har fått namnet «Microsoft-gate».

8 andre tidlegare ministrar er også skulda for å ha selt Office-pakken til dobbel pris og skumma fløyten av ein lukrativ avtale med Microsoft. Ministrane forsvarar seg med at «alle» gjorde det.

Finansminister med Picasso og Warhol

Romania Ex Minister's Art

Det kom som ei overrasking på mange at tidlegare finansminister Darius Valcov var kunstelskar.

Foto: Octav Ganea / Ap

Då han trakk seg som finansminister 15. mars, forsikra Darius Valcov at skuldingane om korrupsjon var grunnlause.

Så viser det seg han har hamstra dyre måleri. Mange dyre måleri. Picasso og Andy Warhol var i samlinga på 101 verk. Måleria vart funne då politiet slo til mot fleire adresser i Bucuresti og i heimbyen Slatina.

Kverrsett måleri

Eit av måleria som vart funne i razziaen mot den tidlegare finansministeren.

Foto: DNA

No er Valcov skulda for å vaske store pengesummar gjennom kunsthandel. Sjølv kallar han siktinga justismord.

- Eg er uskuldig, og vil kjempe for å reinvaske meg. Eg skal forklare det heile til nasjonalforsamlinga, sa Valcov til Reuters.

Også broren til statsminister Victor Ponta har hamna i søkelyset til korrupsjonsjegerane.

Han skal ha røva 2 millionar Euro frå eit EU-prosjekt som skulle ruste opp gamle kloakkrøyr i Prahova fylke.

Statsminister Ponta seier til rumenske aviser at han er like overraska som alle andre.

Ung korrupsjonsjeger

I spissen for korrupsjonsjakta står ei relativt ung kvinne. Laura Codruta Kovesi var i sin ungdom basketballstjerne.

I 2013 vart ho den yngste sjefsanklageren nokosinne i det nasjonale antikorrupsjondirektoratet, DNA.

Kyniske stemmer meinte utnemninga signaliserte ei svekking av korrupsjonsarbeidet i Romania.

Laura Kovesi

Laura Codruta Kovesi er spydspissen i jakta på korrupte politikarar i Romania. Ho blir dagleg utsett for personangrep.

Men Kovesi har gjort spådommane til skamme.

I 2014 klarte DNA å få dømd 1,138 personar for grov korrupsjon. Blant dei 24 borgarmeistrar, fem rikspolitikarar, to tidlegare ministrar, og ein tidlegare statsminister, Adrian Nastase.

Meir enn 90 % av siktingane førte til dom. Dette har gjeve Kovesi stjernestatus ikkje berre i Romania, men også i Brussel og Washington D.C.

- Utsett for daglege personangrep.

Men suksessen har også ein pris for 41 år gamle sjefsanklagaren.

- Kvar einaste kveld var det personangrep mot meg på fjernsynet, sa Kovesi i fjor til New York Times.

Fjernsynskanalen Antena 3, som er eigd av ein oligark, kritiserte ho for å vere umoralsk. Ei singel, skilt kvinne. Dei skulda henne også for å ha teke imot pengar frå mafiaen.

Kovesi saksøkte kanalen og vann.

Romania Udrea Corruption

DNA, antikorrupsjonsdirektoratet har vokse seg mektig, og får frie tøyler av den nye presidenten Klaus Iohannis.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Forslag til amnestilov truga arbeidet til DNA

Regjeringa prøvde i fjor å vedta ei amnestilov som ville gjere det umogleg å etterforske dei aller mektigaste politikarane i Romania.

Men statsminister Victor Ponta, lukkast ikkje med å vingeklippe DNA. Lovforslaget vart stemt ned dagen etter Romania fekk ny president.

Klaus Iohannis fekk eit solid mandat frå folket til å slå ned på korrupsjon då han vann over rivalen Ponta.

Romania Presidential Runoff

Den nyvalde presidenten Klaus Iohannis har gjort kampen mot korrupsjon til prioritet nummer ein.

Foto: Octav Ganea / Ap

Ny president erklærer krig mot korrupsjon

Den etnisk tyske Klaus Iohannis hadde lova i valkampen å gjer ein innsats mot den kroniske korrupsjonen som gjennomsyrer det offentlege Romania.

President Iohannis har gjeve den unge sjefsanklagaren frie hender. Kovesi har blitt symbolet på kampen mot det gamle korrupte regimet. Maktfolka som tok over etter diktatoren Nicolae Ceausescu.

Men kampen må føre til konkrete resultat for det rumenske samfunnet, sa president Iohannis i eit intervju med den rumenske antikorrupsjonsportalen.

– Veljarane viste dei ville ha noko nytt, nemleg ein ny vind i den politiske klassen. Borgarane ventar på rettvise, men dei ventar seg også sosial rettvise. Dei krev at vi sloss mot korrupsjonen og får resultat, dei nøyer seg ikkje med debattar og erklæringar, sa Iohannis.

DNA ein ny maktfaktor

Då DNA vart oppretta i 2003, etterforska dei berre lærarar og togkonduktørar. Dette har Kovesi gjort noko med. No etterforskar dei berre pengesummar over 100.000 kroner.

Meiningsmålingar viser at DNA rangerer høgt når det gjeld kva institusjonar som har tillit blant folket. Berre brannmenn, hæren, kyrkja og presidenten har meir tillit.

Når det gjeld framtida til kampen mot korrupsjon fortalde Kovesi i fjor til New York Times at ho er nøktern optimist.

- Så lenge presidenten støttar meg, har vi ingen grunn til å uroe oss. Men skulle han vende oss ryggen, så vil det vere grunn til uro.

Intervjuet var gjort før Iohannis vart vald til president.

Bodskapen til den nye presidenten er vanskeleg å misforstå. Det er eit nytt regime i Cotroceni-palasset. Kampen mot korrupsjon er prioritet nummer ein.

– Politikarane har forstått, nokon meir enn andre, at politisk reform er nødvendig, og at denne reformen må skje innad i dei politiske partia. Vi viser berre vegen, sa nyleg den rumenske presidenten Klaus Iohannis.

SISTE NYTT

Siste nytt