Hopp til innhold

Kongen i Alaska - vil ha merksemd om klimaspørsmål

Alaska (NRK): Medan USA ønskjer å bevare Alaska som nasjonalpark, ønskjer delstaten utvikling. No vil dei bruke USAs formannskap i Arktisk Råd til å få fram sine saker. Kong Harald er på offisielt besøk i den arktiske delstaten, og besøkte fiskarbyen Homer tysdag.

Fiskebåter med norske flagg i Alaska

Kongebesøk er ikkje kvardagskost i vesle Homer i Alaska. Fiskarar helsa kongen med norske flagg.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

Fire Black Hawk frå det amerikanske forsvaret frakta kongen og følgjet hans inn til Homer. Han flaug over skogar og vidder og kunne sjå elg og bjørn frå helikopteret.

– Det er verkeleg imponerande vakkert, seier kong Harald medan han tittar ned på høge fjell med snø på toppane, blå himmel, strålande sol og blankt hav.

Fiskarbyen Homer på Kenaihalvøya i Alaska viste seg frå si vakraste side då kong Harald kom på offisielt besøk i tysdag

Delstaten treng utvikling

.

Helikopter frakter kongen i Alaska

Kongen lét seg imponere av den storslegne naturen. Han blei frå i helikopter over dei store avstandane.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

– Alaska er ein så liten del av USA når det kjem til befolkning, at folk ikkje veit så mykje om oss, seier Craig Fleener, som er med på båtturen med kongen.

Han er med rådgjevar i arktiske spørsmål hos guvernøren og den som skal tale Alaska si sak når USA no har overteke formannskapet i Arktisk Råd.

– Ei av dei store utfordringane er å få USA til å forstå at Alaska også treng utvikling, seier han.

Noregs ambassadør til USA Kåre Ås seier det er ei stor konflikt, for mange i resten av USA ser Alaska som ein nasjonalpark dei vil bevare.

– Dei forstår ikkje at det bur folk her oppe, seier han.

Dyr elektrisitet er ein av dei store problema for folk i Alaska. Craig Fleener seier mange må velje mellom mat på bordet eller varme i omnen.

Må også bruke

Kongen hilser på Margot Andersson

I Homer blei kongen møtt av ei lokalbefolkning med norske aner. 102 år gamle Margot Andersson var teken med til hamna for å møte kongen.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

– Vi må bruke naturen, vi lever i naturen og ønskjer å bevare han, men på same tid må vi få bruke ressursane som er rundt oss. Det er ei stor utfordring å klare å vise resten av landet og verda at Alaska har sine eigne prioriteringar, seier Fleener.

Kong Harald seier til ein lokal journalist at han ser dei same endringane i klimaet heime hos oss og legg til:

– Eg er her for å få merksemd om klimaspørsmål.