350 soldatar frå denne basen i det sentrale Russland vart sende til ei militærøving i grenseområdet mot Ukraina. Sidan har ingen fått vite kvar dei har reist. Rykta går på basen om soldatane er sende inn i Ukraina for å kjempe på dei prorussiske opprørarane si side, men ingen vil stadfeste det.
No krev koner og mødrer å få vite kvar mennene og sønene deira oppheld seg, og dei vil ha svar på om kva rolle Russland spelar i borgarkrigen i nabolandet.
26 år gamle Valeria Sokolova, som ikkje har høyrt noko frå mannen sin sidan sist veke, seier til det franske nyheitsbyrået AFP at ho har blitt fortalt at fleire av soldatane har kome tilbake i likposar.
LES OGSÅ:
Ikkje i Russland
Ho fortel at ingen av sjefane på basen vil stadfeste at soldatane er sende til Ukraina. Ho legg til at kvinnene som demonstrerte i dag fekk klar beskjed om at å avslutte demonstrasjonen og reise heim.
– Dei ville ikkje seie kvar soldatane er, berre at dei ikkje er i Russland, seier ho til AFP.
Ho fortel at ho sist hadde kontakt med mannen sin sist laurdag. Då fortalde han at avdelinga hans skulle «utplasserast», men han hadde ikkje lov å fortelje kvar dei skulle. Han sa at ein del skulle køyre i tanks, medan han skulle køyre i ein lastebil.
Fleire av fallskjermsoldatane som er tekne til fange i Ukraina skal vere frå denne basen.
Telefon frå Kiev
Olga Garina fekk i dag endeleg kontakt med sonen sin, 20 år gamle Jegor Posjtojev, etter fleire dagar i uvisse. Han ringde henne på mobiltelefon frå Kiev, dit han var transportert etter å ha blitt teken til fange av ukrainske regjeringsstyrkar inne i Ukraina.
Det har kome meldingar om hemmelege soldat-gravferder fleire stader i Russland.
Ella Poljakova og Sergej Krivenko er russiske opposisjonspolitikarar, men dei er begge med i Vladimir Putins menneskerettsutval. Rådet har ei rådgjevarrolle, men har lite makt og har eit anstrengt forhold til presidenten.
Dei fortalde til nyheitsbyrået Reuters i Moskva i dag at over 100 russiske soldatar vart drepne i eit angrep frå ukrainske regjeringssoldatar i det austlege Ukraina tidlegare denne månaden. Rundt 300 vart såra i det same angrepet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Fullasta med ammunisjon
Ei russisk kolonne med lastebilar fullasta med ammunisjon, vart angripne med Grad-rakettar, fortel Sergej Krivenko og Ella Poljakova. Angrepet skjedde i byen Snitsjye i Donetsk-provinsen.
Dei fortel at dei har fått opplysningane frå slektningar av dei døde soldatane og soldatar som overlevde angrepet. Dødsattestane vart fylde ut i Russland, så det er ingen skriftlege bevis på at soldatane døydde i Ukraina.
– Soldatane blir tekne til grenseområdet mot Ukraina. Der blir alle russiske merker og flagg fjerna frå køyretøy og uniformer, og så blir dei sende over grensa, seier Ella Poljakova.
Russland avviser at landet har sendt soldatar over grensa til Ukraina. Dei russiske soldatane som vart tekne til fange av ukrainske regjeringsstyrkar, hadde berre gått seg bort, blir det sagt på russisk hald.
LES OGSÅ:
– Soldatar på ferie
Den prorussiske ukrainske opprørsleiaren Alexander Zakharenko ved gjekk tidlegare i dag at russiske soldatar kjempar side og side med opprørarar i Ukraina, men at dei gjer medan dei har ferie frå den russiske hæren.
Ella Poljakova seier at ingen av dei ho og kollegaene hennar har snakka med har fylt ut noko skjema der dei ber om ferie eller permisjon, noko som er standard prosedyre når ein soldat skal ha fri.
Poljakova og Krivenko har no bede om offisiell gransking at dei russiske soldatane si rolle i Ukraina.