Hopp til innhold

Kjempar mot skifergass i Sahara

Algerie satsar på skifergass for å kompensere for dalande oljeprisar. I protestane mot dette har to grupper møtt kvarandre; Dei som er opptekne av eit berekraftig miljø og dei med teknisk ekspertise. Saman ser dei fornybare moglegheiter i landet.

Demonstrasjon mot skifergass i In-Salah, Algerie

DEMONSTRERER: Ein av fleire demonstrasjonar i In-Salah, Algerie, dei siste månadane.

Foto: FAROUK BATICHE / Afp

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Rett før nyttår annonserte energiministeren, som vart skifta ut 14. mai, at ein skulle starte ei prøveboring nær oasebyen In Salah i hjartet av Sahara, noko som skulle skape 8000 nye jobbar i 2015. Prosjektet er venta å gi 50 000 kubikk gass om dagen.

Dette fekk fart på mobiliseringa mot prosjektet, blant innbyggarane i området, som har eit naturleg engasjement for miljøet ettersom dei er så avhengige av det her midt i ørkenen. Ein stor demonstrasjon vart arrangert i In Salah, og etter kvart har motstanden spreidd seg.

In Salah

Store reserver

Det er det statseigde oljeselskapet Sonatrach, som samarbeider med franske Total, som har starta arbeidet. Fleire utanlandske selskap, deriblant Statoil, har vorte tildelt lisensar.

Ifølge U.S. Energy Information Administration (EIA) finn vi den tredje største mengda skifergass i verda i Algerie, etter Kina og Argentina. Algerie er den andre største eksportøren av naturgass til EU.

Ikkje berre er bøndene i sør uroa for spreiing av kjemiske giftstoff frå utvinninga i vatnet, men også for vassmengda i seg sjølv. Utvinning av skifergass krev mykje vatn, og dette er ein verdifull ressurs i det tørre ørkenområdet. Vanleg gass- og oljeproduksjon har allereie gjort nok skade, meiner dei.

– Det eksisterer hundrevis av oaser i regionen vår. Desse skaper arbeid til tusenvis av menneske. Så snart grunnvatnet er ureina kan ikkje jordbruket overlevert. Kva skal innbyggarane gjere? Spør ein fortvila bonde til avisa El Watan.

Skifergassdemonstrasjon i Algerie

KJEMPAR MOT SKIFERGASS: Innbyggarane i området er svært knytte til jorda her, og er uroa for konsekvensane av skifergassutvinning.

Foto: FAROUK BATICHE / Afp

Ber om utsetting og offentleg debatt

21. februar sende aktivistane eit krav til president Abdelaziz Bouteflika og statsministeren om å stoppe utvinninga av skifergass til ein har diskutert saka grundig gjennom offentleg debatt. Regjeringa har så langt oversett førespurnaden.

Dei skuldar på utanlandsk innblanding, og seier at innbyggarane er dårleg informerte, dessutan er det i første omgang berre snakk om leiting. Dette har møtt motbør frå demonstrantane som peikar på at også teknikken som vert brukt i leitinga er skadeleg for miljøet.

Demonstrasjonane har stort sett gått roleg for seg, med ein algerisk hær som er på tå hev når det gjeld oljeanlegg og utanlandske arbeidarar etter angrepet mot In Amenas-anlegget i 2013.

Møtast truleg i Paris

Aktivistane kjem frå fleire hald. Bønder, miljøaktivistar og folk med teknisk ekspertise. Dei kjempar saman mot tradisjonell veksttankegang, for eit «Smart Sahara» - «ein intelligent region». Dei peikar på naturlege fortrinn som solenergi og at området har ein av dei største reservane av grunnvatn på planeten.

Dei skulle nok ønske at Algerie si regjering heller var representerte på Smart Grid Paris der ein skal diskutere overgangen til framtidas energi. denne veka enn World Gas Conference neste veke i same by.

Regjeringa og aktivistane møtast nok til slutt i Paris. Kampen mellom denne rørsla og regjeringa kan tilspisse seg på klimatoppmøtet i desember, meiner den franske avisa Les Echos.

SISTE NYTT

Siste nytt