Hopp til innhold

KGB kallar inn svenske teddybjørn-aktivistar

Svenskane som slapp teddybjørnar med ein demokratisk bodskap over Kviterussland forrige veke blir truga med fengsel av kviterussisk KGB om dei ikkje møter opp for å forklare seg.

Tomas Mazetti Hannah Frey Kviterussland teddybjørn

Tomas Mazetti og Hannah Frey viser fram ein teddybjørn lik dei som vart slepte over Kviterussland. Slagordet er «Me støttar kviterussarane sin kamp for yttringsfridom».

Foto: Gero Breloer / Ap

Hviterussland Teddy-invasjon

Teddybjørnar med bodskap om yttringsfridom og menneskerettar landa i Kviterussland.

Foto: Per Cromwell / Ap

Det svenske reklamebyrået Studio Total lot hundrevis av teddybjørnar regne ned over den kviterussiske hovudstaden Minsk 4. juli i år.

Kosedyra bar med seg ein bodskap om demokrati, og kritikk mot det sitjande regimet til Alexander Lukasjenko, også kalla «Europas siste diktator».

No har tre svenskar i byrået blitt kalla inn til avhøyr av det kviterussiske KGB, skriv aljazeera.com.

Dei har å møte innan ti dagar, elles risikerar dei fengsel.

Ulovleg innflyging

Innkallinga vart oversendt dei tre svenskane per e-post, men også posta på KGB si nettside.

KGB skriv at dei etterforskar reklamebyrået sin ulovlege kryssing av den kviterussiske grensa.

Dei trugar svenskane med bøter og fengsel i opptil seks månader, om dei ikkje dukkar opp til avhøyr.

Føremålet med avhøyra er likevel ikkje å forfølgje svenskane rettsleg, hevdar KGB, men å finne ut kva rolle dei spelte i aksjonen, og korleis kviterussiske styresmakter skal hanskast med dei kviterussiske opposisjonelle som blir mistenkte for å ha hjulpe svenskane.

– Utpressing

Tomas Mazetti, som var med i småflyet under teddy-aksjonen, og er kalla inn saman med sine kollegaer Hannah Frey og Per Cromwell, seier e-postane ikkje gjev eit klart uttrykk for kvifor dei blir kalla til Minsk.

– Brevet talar om «fornærma eller vitner som unnlet å møte opp», ikkje om «mistenkte», seier han.

Ut frå dette trur han at kviterussarane berre vil ha dei som vitner.

Mazetti seier at svenskane vil krevje garantiar frå KGB om at dei ikkje blir rettsleg forfølgde før dei set seg på eit fly til Minsk.

Han seier også at politiske ekspertar har advara han mot at Lukasjenko kjem til å bruke dei arresterte kviterussiske opposisjonelle som pressmiddel.

Journaliststudenten Anton Suryapin, vart arrestert etter at han la ut bilete av teddybjørnane på ei nettside. Han risikerar sju års fengsel.

To kvinnelege journalistar har fått bøter for å ha delteke i ein demonstrasjon til støtte for Suryapin.

– Det er rein utpressing, seier Mazetti.

(Saka held fram)

Hviterussland kviterussland

Dei to journalistane Irina Kozlik og Yulia Darashkevich visar sigersteikn då dei kjem til rettssalen i minsk. Dei fekk bøter for å ha vore med i ein demonstrasjon til støtte for Anton Suryapin.

Foto: VIKTOR DRACHEV / Afp

Diplomatisk konflikt

Lukasjenko har også skulda den svenske ambassaden for å vere delaktig i aksjonen, og dei diplomatiske banda mellom Sverige og Kviterussland er blitt kutta.

Hviterussland kviterussland teddybjørn

Ein kviterussisk demonstrant held ein teddybjørn og har på seg ein t-skjorte som kritiserer mangelen på ytringsfridom utanfor ein rettssal i Minsk.

Foto: VIKTOR DRACHEV / Afp

I forrige veke vart Sverige sin ambassadør utvist frå Kviterussland fordi han hadde hatt kontakt med opposisjonelle. Resten av dei svenske diplomatane fylgte etter.

Kviterussland vedtok også å stenge sin ambassade i Sverige, då svenskane nekta å godta den nye kviterussiske ambassadøren til Sverige.

Dette er berre ei dråpe i havet av usemje mellom Kviterussland og resten av Europa.

På fredag heldt EU eit krisemøte for å drøfte situasjonen og kom fram til at den diplomatiske krisa mellom landa skal takast til etterrretning når EU sine sanksjonar mot Kviterussland skal evaluerast.

Thomas Mazetti seier han er villig til å bistå kviterussisk KGB i deira etterforsking i teddybjørn-saka.

– Me har ingenting imot å hjelpe dei med å finne ut akkurat korleis me gjorde det, seier Mazetti.

SISTE NYTT

Siste nytt