Hopp til innhold

Kasta sko på fredsforhandlaren

Pressekonferansen i Genève lovar ikkje godt for fred i Jemen; det enda med skokasting og slagsmål mellom journalistane og fredsforhandlarane. I dag skal forhandlingane etter planen avsluttast. Målet er våpenkvile.

Ein pressekonferanse i regi av houthi-forhandlarane i Jemen-fredsforhandlingane i Geneve utartar seg då ein kvinneleg journalist kastar ein sko på forhandlingsleiaren, og eit masseslagsmål bryt ut.

KASTAR SKO: Her kastar ein jemenittisk journalist ein sko på leiaren for Houthi-delegasjonen i Genève.

– Mordarar, de spreier død og sjukdom i Sør-Jemen, ropte ein jemenittisk journalist til representanten for houthi-opprørarane i Genève under ein pressekonferanse torsdag, og kasta ein sko på forhandlingsleiaren – ein gest som symboliserer fornærmelse i den arabiske verda.

Ho fekk fort fleire med seg, og pressekonferansen enda i eit masseslagsmål – godt dokumentert frå det frammøtte pressekorpset.

Utbrot av dengue-feber i sør

Dei er oppgitte over den humanitære situasjonen i landet på den arabiske halvøy. Meir enn 2500 sivile har mista livet sidan kampane mellom houthi-militsen og regjeringsvennlege styrker eskalerte tidlegare i år.

Marknad i Aden

MATMANGEL: Ein marknad i hamnebyen Aden på første dag av ramadan. FN slår alarm om matmangelen i området.

Foto: SALEH AL-OBEIDI / Afp

Over ein million har vorte drive på flukt i landet, og FN melder om ei matkrise. Over seks millionar lid av alvorleg matmangel. I tillegg har dengue-feber brote ut i den sørlege delen av landet, med minst 5000 smitta.

Stor usemje mellom partane

Målet er å kome fram til ein våpenkvile idet den heilage månaden ramadan startar, men det lovar ikkje godt. Onsdag vart tre moskéar bomba i hovudstaden Sanaa, med meir enn 50 skadde, og rundt forhandlingsbordet er stemninga ikkje prega av forsoning.

Ein av tre moskear som vart bomba i Sanaa 17.juni

I RUINAR: Tre moskear vart bomba i hovudstaden Sanaa onsdag.

Foto: MOHAMED AL-SAYAGHI / Reuters

– Vi forhandlar om ei humanitær våpenkvile. Angrepa frå utsida må stoppast snarast, sa forhandlingsleiaren for houthiane, Hamza al-Houthi, med ei oppfordring til Saudi-Arabia, som med støtte frå USA har bomba houthi-dominerte område i landet sidan mars. Studiane har vekt oppsikt med sitt fråvær frå forhandlingane.

Statsminister i Jemen, Khalid Bahah, møtte Egyptiske myndigheiter torsdag. Han seier at ein av utfordringane i fredssamtalane er at Houtiane kom med 20 delegatar mot 7 som var avtalen. I tillegg skuldar dei rebellane for å bomba huset til ein av forhandlarane på regjeringsvennleg side. Han har uttalt at regjeringa vil ha permanent våpenkvile, og er uroa for at ein humanitær pause berre gir houthiane sjansen til å få kontrollen over større område.

USA skuldar den jemenittiske eksilregjeringa for å ha inkludert Abdel-Wahab Humayqani, mistenkt for å finansiere Al Qaida, på deira side i forhandlingane. Humayqani har vore på USA si terrorliste sidan 2013 for sine forbindelsar til den jemenittiske greina av Al Qaida, som vert sett på som den farligste i nettverket. Terrorgruppa har kjempa mot begge sider i konflikten i Jemen.

SISTE NYTT

Siste nytt