Hopp til innhold

– Skipet vart truffe av ein tornado

Regn og vind skapar trøbbel for hjelpemannskapet i Kina. Så langt er 14 menneske redda i land, men det byrjar å sjå mørkt ut for dei 420 som framleis er sakna.

CHINA-SHIP/ Rescuers listen for reactions from inside a sunken ship as they search for survivors at the Jianli section of the Yangtze River

Redningsarbeidarar har ikkje gitt opp å banke på skipet, men håpet svinner hen for dei som framleis er på andre sida av skroget.

Foto: CHINA DAILY / Reuters

Så langt er 11 lik frakta ut av skipet som kantra for to dagar sidan. 14 menneske kom frå det i live, medan rundt 420 menneske framleis har status som sakna. Men det byrjar å sjå mørkt ut.

Kinesiske meterologar meiner no at det var ein liten tornado som var årsaken til skipet gjekk rundt. Det stemmer i så fall overens med det mannskapet på skipet har fortalt i avhøyr.

Dei få som har overlevd kantringsulukka i Yangtze-elva i Kina fortel at skipet kantra på særs kort tid.

– Eg prøvde å fortelle kollegaen min at me hadde store problem. Men før eg klarte å avslutte setninga så hadde skipet kantra, fortel turguiden Zhang Hui til South China Morning Post.

Med vatn opp til nakken

Hui var ein av dei ansvarlege for cruiseturen og var tilsett i cruiseselskapet som held til i Shanghai. Han fortel at han klarte å ta tak i ein redningsvest og kome seg ut av lugaren gjennom eit vindauge.

CHINA-YANGTZE-ACCIDENT-SHIP

Det skal ikkje stå på hjelpemannskapet. Mange hundre er sett inn i arbeidet med å redde liv etter ulukka.

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

Allereie då han var på veg ut av vindauget var lugaren fylt med vatn opp til Hui sin nakke. 43-åringen kan ikkje svømme, men klarte likevel å berge livet etter ei heil natt i elva. Han vart redda morgonen etter av tidevatnet som førte han mot land.

Framleis er rundt 420 av dei andre som var på båten sakna. Dei aller, aller fleste er pensjonistar mellom 50 og 80 år.

Grumsete elvevatn

Så mange som 200 dykkarar er sette i sving for å prøve å redde menneskeliv, og dei har jobba gjennom heile natta. Så langt er 18 lik henta ut frå skipet, og berre 14 har kome frå ulukka i live, ifølgje statlege kinesiske medium.

CHINA-SHIP/ An aerial view shows rescue workers searching on the sunken ship at Jianli section of Yangtze River

Skipet flyt framleis i elva, men ein kan ikkje gå inn gjennom skroget fordi skipet då vil miste oppdrifta og synke rett til botnen.

Foto: CHINA STRINGER NETWORK / Reuters

Det er særs vanskelege og farlege arbeidstilhøve for dei mange dykkarane. Ein kan ikkje opne skroget i frykt for at skipet då skal mista oppdriften som luftlommer lager, og dermed synke til botnen av elva.

– Elvevatnet der ulukka skjedde er ganske gjørmete, og det er strengt ingen sikt i det heile tatt, seier Zhang Jianxin, som jobbar for det kinesiske transportdepartementet, til TV-kanalen CCTV.

Han fortel vidare at dykkarane berre kan bruke føleevna i redningarbeidet, fordi dei ikkje ser noko.

Pårørande: – Håper på eit mirakel

China Boat Sinks

Mange pårørande må etterkvart innsjå realitetane, og at deira kjære kanskje ikkje kom frå ulukka i live.

Foto: Ap

I Shanghai, og andre stader, har pårørande til dei sakna samla seg, og ventar på livsteikn frå sine kjære.

– Eg håper på eit mirakel, seier Tan Zhenxing, som hadde ein far som jobba på båten.

Og for kvar time som går vert mirakelet berre større om det vert funne overlevande etter den tragiske kantringsulukka i Yangtze-elva.

SISTE NYTT

Siste nytt