Hopp til innhold

Jernkvinne og humanist

"Jernkvinna frå Baltikum" er eitt av tilnamna til den nye presidenten i Litauen, Dalia Grybauskaite.

Dalia Grybauskaite fekk nesten 70 prosent av røystene ved presidentvalet i Litauen.

Dalia Grybauskaite fekk nesten 70 prosent av røystene ved presidentvalet i Litauen.

Foto: MINDAUGAS KULBIS / AP

Den 53 år gamle EU-kommissæren gjorde reint bord i presidentvalet i Litauen 17. mai. Ho sikra seg nesten 70 prosent av røystene, og ho blir dermed den første kvinnelege statssjefen i landet.

Kandidaten på andreplass, sosialdemokraten Algirdas Butvecius, fekk berre vel 11 prosent av røystene.

Algirdas Butvecius fekk berre i overkant av 11 prosent av røystene i presidentvalet.

Algirdas Butvecius fekk berre i overkant av 11 prosent av røystene i presidentvalet.

Foto: PETRAS MALUKAS / AFP

Gandhi og Thatcher

Den ugifte politikaren har blitt samanlikna med Margaret Thatcher, som også gjekk under namnet "jernkvinna"

Og den nyvalde presidenten nemner gjerne den tidlegare britiske statsministeren som eit av dei politiske førebileta sine, og på den lista står også Winston Churchill.

Meir overraskande då kanskje at ho nemner den indiske pasifisten og fridomshelten Mahatma Gandhi i same andedrag som dei to britiske politikar-legendene.

- Eg beundrar Gandhi først og fremst fordi han var så uegoistisk og oppofrande overfor andre menneske, seier ho.

Den nye presidenten i Litauen er kjend for å snakke rett frå levra og ikkje pakke inn orda sine i diplomatiske vendingar.

Ærleg og direkte

Dalia Grybauskaite er kjend for å vere open og rett fram.

Dalia Grybauskaite er kjend for å vere open og rett fram.

Foto: PETRAS MALUKAS / AFP

- Eg er veldig ærleg og direkte, i ein del tilfelle ialtfor stor grad. Eg seier det eg meiner, og det er ikkje alle som er like glade for det, seier ho i eit intervju med nyheitsbyurået AFP.

- Eg trur på openheit, og det er noko eg vil krevje frå alle. Eg aksepterer ikkje folk som lyg og som kjem for seint, legg ho til.

Ho gjekk til val som politisk uavhengig kandidat, men har stor tillit både blant dei konservative, som har statsministeren i dag, og i opposisjonen, Det sosialdemokratiske partiet. Det var dette partiet ho var med i då ho vart utnemnd til EU-parlamentet i 2004.

Det er ikkje berre det svarte beltet i karate som gjer at ho blir kalla hardtslåande. Ho har varsla at ingen av dei politiske blokkene i parlamentet kan rekne med å bli tekne på med silkehanskar.

Avtroppande president i Litauen, Valdas Adamkus.

Avtroppande president i Litauen, Valdas Adamkus.

Foto: PETRAS MALUKAS / AFP

Fest og kolera

Folk i Litauen hugsar godt korleis ho gjekk ut med knallhard kritikk mot den dåverande sosialdemokratiske regjeringa sin økonomiske politikk i fjor. Ho skulda sosialdemokratane for å skusle bort dei store inntektene landet har hatt gjennom den enorme økonomiske framgangen dei siste åra.

Ved eit øve sa ho at regjeringa sin politikk var som å halde ein stor fest midt under ein kolera-epidemi.

Få er i tvil om at denne knallharde refsen av dei folkevalde var med på å danne grunnlaget for valskredet 17. mai som gjorde henne til president.

- Eg er uavhengig, og det gir folk håp om at eg vil behandle alle likt, seier ho.

Det politiske miljøet i Litauen er prega av rykte om korrupsjon, misbruk av statlege pengar og skuldingar om band til den russiske etterretninga. Dette har ført til ei utbreidd politikarforakt i landet.

Både den noverande presidenten Valdas Adamkus og Dalia Grybauskaite har stått utanfor dette, og det har gjort at begge har stor tillit hos innbyggjarane i den tidlegare Sovjet-staten.

Problem i kø

Så vil berre tida vise om fden 53 år gamle jernkvinna vil greie å halde på populariteten når den politiske kvardagen inhentar henne i det vakre presidentpalasset i sentrum av Vilnius.

Problema står i kø for Litauen. Den internasjonale økonomiske krisa har ramma landet hardt, og det blir stadig fleire arbeidsledige. Økonomien har vore i fritt fall sidan krisa starta i fjor haust, og det er vanskeleg å sjå ein enkel veg ut av uføret.

Dalia Grybauskaite fekk utdanninga si i det gamle Sovjetunionen. Ho studerte samfunnspolitikk i Leningrad, som no heiter St. Petersburg, og seinare økonomi i heimbyen Vilnius.

Ho er svært språkmektig,og snakkar flytande litauisk, engelsk, russisk, polsk og fransk. Ho er den andre kvinna som blir president i Baltikum. Først ute var Vaira Vike-Freiberga, som var president i Latvia frå 1999 til 2007.