Hopp til innhold

Jemen: Gamlepresidenten vil forhandle

Saudiarabiske jagarfly angrip for tredje dag på rad Houthigeriljaen i nabolandet Jemen. Ein tidlegare president, som er alliert med Houthi-opprørarane, vil no forhandle med Saudi-Arabia.

YEMEN-UNREST-POLITICS-SHIITE-SALEH-FILES

Ali Abdullah Saleh var president i Jemen i ein mannsalder. Så gjekk han av under Den arabiske våren. No blir han mistenkt for å ha ei hand i konflikten som har råka landet den siste tida.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp

– Vi vil slå tilbake mot denne kriminelle og urettvise krigføringa. Saudi-Arabia er Satans horn, sa Houthi-leiar Abdel-Malek al Houthi under ein fjernsynssend tale.

Målet med flyangrepa frå nabolandet Saudi-Arabia er å hindre Houthiane si framrykking mot hamnebyen Aden i Sør.

Gamlepresidenten vil forhandle

Ein av dei mektigaste støttespelarane til Houthiane er den tidlegare presidenten, Ali Abdullah Saleh. Han regjerte Nord-Jemen sidan 1978, og det foreinte Jemen sidan 1990.

YEMEN-SECURITY/ A supporter of Ahmed Ali Abdullah Saleh, the son of Yemen's former President Ali Abdullah Saleh, carries his rifle at site of a demonstration demanding for a presidential election to be held and for Ahmed to run for presidency, in Sanaa

Ein soldat i hæren til gamlepresidenten.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

Som president var Saleh ein svoren fiende av Houthiane. Men etter at han vart kasta under Den arabiske våren i 2012, har han alliert seg med sine tidlegare fiendar.

Saleh er framleis mektig, og disponerer ein privat hær som kjemper skulder ved skulder saman med Houthiane.

Saleh bad fredag om ei våpenkvile, og om forhandlingar leia av dei arabiske Emiratane.

– Utnyttar konflikten for å skaffe seg makt

Norske Alvhild Strømme, som arbeider for FN i Jemen, seier at folk i Jemen trur Saleh vil bruke konflikten som eit verktøy for å kome seg tilbake i presidentstolen.

– Folk seier at han står bak alt, og at han vil lage kaos for så å rydde opp igjen. Det er ikkje mi meining, men det er noko folk i Jemen diskuterer i fullt alvor, fordi han har vore ein så mektig figur i landet så lenge, seier Strømme til NRK på telefon.

YEMEN-POLITICS-UNREST YEMEN-POLITICS-UNREST

Ein jemenittisk politikar arbeider på laptopen sin. Sosiale medium er einaste informasjonskjelda i eit elles kaotisk Jemen.

Foto: MARWAN NAAMANI / Afp

– Leier hæren via Facebook

Strømme og dei andre FN tilsette bur no på eit hotell som skal vere trygt for bombene frå Saudi-Arabia. Ho fortel det er vanskeleg å skape seg eit bilde av kva det er som skjer.

– Det finst ingen fungerande regjering. Vi får ingen offisielle tal frå departementa. Vi er nøydde til å samle inn informasjon frå sosiale medium, fortel Strømme.

Ho fortel at det politiske landskapet i Jemen allereie er svært komplekst. Det er eit stammesamfunn med skiftande alliansar.

Alvhild Strømme

Alvhild Strømme arbeider for FN i Jemen.

Foto: Privat

Men sjukehusa er opne. Folk går på arbeid. Men det er umogleg å få sikre tal på kor mange som er drepne i bombinga.

Ho fortel at sjølv aktørane i konflikten slit med å få gitt ordre til sine underordna. President Hadi som nyleg flykta til Saudi-Arabia måtte ta i bruk sosiale medium.

– Hadi instruerte hæren sin via Facebook frå Saudi-Arabia, fortel Strømme.

Eit bilde på kor kaotisk det er i Jemen akkurat no.

Byen Sanaa i Jemen lyser om natten

Utsikt ut over Sanaa i Jemen.

Foto: Alvhild Strømme