Hopp til innhold

Jeb Bush: – Eg vil gjere liva betre for millionar av menneske

I kveld annonserte John Ellis «Jeb» Bush at han vil ta opp kampen for å verte Republikanarane sin kandidat til presidentvalet i 2016. – Vi skal ikkje skape problem, men løyse dei, sa Bush på scena i kveld.

USA-ELECTION/BUSH Republican U.S. presidential candidate and former Florida Governor Bush pauses as he formally announces his campaign for the 2016 Republican presidential nomination during rally in Miami

Jeb Bush annonserte i kveld sitt kandidatur mot presidentvalet neste år.

Foto: JOE SKIPPER / Reuters

Klokka 22 norsk tid gjekk Jeb Bush på scena i Miami Dade college.

– Eg er kandidat til å verte den nye presidenten i Amerika. Kampanjen byrjar i dag, sa Jeb Bush til øyredøyvande jubel blant tilhengjarar og vener i salen.

– Vi skal ikkje skape problem, men løyse dei, sa han. Han presenterte seg i kveld som presidenten som kan fikse problema i USA.

Publikum i salen bytta på å juble, klappe, og rope slagord som «let's go Jeb» og «we want Jeb».

– Eg kjem ikkje til å ta noko for gitt. Eg vil kjempe med hjartet, og eg vil kjempe for å vinne, sa den 62 år gamle republikanaren.

Lovar å ordne opp

Han har venta så lenge han kunne med å kunngjere sitt kandidatur. Men når Jeb Bush gjekk på scena i kveld, var han raskt ute med å fortelje kva han skulle gjere betre enn den noverande regjeringa.

– Vi skal gjere USA til ei økonomisk supermakt, og vi kan gjere liva til millionar betre, særleg born i offentlege skular, sa Jeb. Han snakka om at han skal gjere dei amerikanske skulane betre, både private og offentlege.

Han brukte også mykje tid på å kritisere den noverande presidenten Barack Obama og hans kollegaer.

– Du og eg veit at Amerika fortener betre, seier Bush om den største motstandaren Demokratane, som har hatt makta i 8 år. – Eg vil ikkje erfare korleis fire nye år blir med den same leiinga, sa han.

Han meiner at USA sine problem er regjeringa sin skuld, og lova å ordne opp.

– Vi kjem til å ta parti med den frie marknaden og det frie folk, eg veit at vi kan fikse dette, sa Bush.

– Er ikkje som sin bror

Jeb Bush har lagt mykje vekt på at han ikkje er som sin bror George W. Bush og at han ønsker å vere ein konstruktiv og positiv president.

Han har samla pengar og støtte i 18 månader, pengane har kome frå viktige næringslivsaktørar i det republikanske etablissementet, blant anna frå mange som også støtta Mitt Romney.

Yngstebroren til tidlegare president George W. Bush og son til George H.W. Bush snakka og om familien sin.

– Eg møtte min første president dagen eg vart fødd. og den andre den dagen eg kom heim frå sjukehuset, sa den tidlegare guvernøren i Florida, og hylla mor si som også sat i salen og høyrde på.

Jeb Bush er gift med mexicanske Columba Garnica de Gallo. Jeb Bush forsøkte også å fri til veljarane ved å servere nokre valløfter på spansk

Rival på heimebane

Støtta lokalt er viktig fordi Bush alt har fått hard konkurranse frå senatoren han sjølv lærte opp i politikken, Marco Rubio.

Rubio erklærte sitt kandidatur for fleire månader sidan og har drive ein intens valkamp sidan.

SISTE NYTT

Siste nytt