Hopp til innhold

IS sprengde historiske heilagdomar i Palmyra

Terrororganisasjonen IS har sprengt to historiske mausoleum like utanfor Palmyra i Syria, ifølgje gruppa sjølv. Dette er dei første øydeleggingane av historiske stader sidan IS okkuperte Palmyra i mai.

Den historiske byen Palmyra i Syria.

Det er frykt for at terrororganisasjonen IS førebur ytterlegare sprenging av historiske monument og bygningar i verdsarvbyen Palmyra.

Foto: - / Afp

Byen Palmyra, som er rundt 2000 år gammal, står på Unescos verdsarvliste. Det har vore stor frykt for at IS skulle øydeleggje dei historiske bygningane og minnesmerka i byen, slik dei har gjort det andre stader både i Irak og Syria.

Gravene vart sprengde fordi dei er i strid med islam, seier IS sjølv. Dei to mausolea som vart sprengde i dag er ikkje ein del av dei vidkjende romerske byggverka i sentrum av Palmyra, eller Tadmur som er eit anna namn på byen.

– Plasserte ut eksplosiv

Romerske bygningar i Palmyra.

IS-flagget vaiar over historiske romerske bygningar i Palmyra i Syria.

Foto: - / Afp

The Syrian Observatory for Human Rights, ei syrisk opposisjonsgruppe med base i London, melde i går at IS har plassert ut eksplosiv i Palmyra. Det er uklart om det var gjort som ei førebuing til å sprengje statuar og bygningar, eller som del av eit forsvarsverk for å stanse syriske regjeringsstyrkar.

Direktøren for historiske minnesmerke i Syria, Mamoun Abdulkarim, seier at IS i dag sprengde gravene til Mohammed bin Ali, etterkomar av ein slektning av profeten, og Nizar Abu Bahaaeddine, ein religiøs figur frå Palmyra.

Kvar femte flyktning kjem no frå Syria

– Skal vere usynlege

Han seier at gravene vart sprengde for tre dagar sidan. Abdulkarim seier også at IS har øydelagt fleire gravsteinar på ein gravlund i byen. Han meiner at IS sprengjer alle gravsteinar som er smykka med marmor.

– For IS skal ikkje graver vere synlege, seier han til nyheitsbyrået AFP.

– Nok en tragedie for den syriske kulturarven

SISTE NYTT

Siste nytt