Hopp til innhold

IS sprengde 2000 år gammalt tempel

Eit ferskt satellittbilete frå FN stadfestar at IS-terroristar har jamna eit av dei viktigaste bygga i den syriske oldtidsbyen Palmyra med jorda.

Bel-tempelet i syriske Palmyra rasert av IS

Biletet til høgre er teken av ein satellitt den 27. august og viser det 2000 år gamle Bel-tempelet i Palmyra. På biletet til venstre, som er frå måndag, er tempelet tydeleg borte.

Foto: Afp

Det 2000 år gamle Bel-tempelet var rekna for å vera det religiøse hovudbygget i Palmyra. Det var kjent for å vera i svært god stand.

Satellittbilete frå FN sitt institutt for opplæring og forsking, UNITAR, verifiserer no meldingane om eksplosjonar som i går kom frå fortvila lokale augevitne.

Har utsletta dei to viktigaste templa

Eit satellittbilete teke torsdag førre veke viser tydeleg strukturen til tempelet. På eit bilete frå måndag er nesten alt borte.

– Me kan diverre stadfesta at hovudbygget i Bel-tempelet er øydelagt. Ei rad av søyler like ved tempelet er også øydelagde, opplyser ein av analytikarane ved UNITAR sitt satellittprogram UNOSAT.

Palmyra

Den syriske oldtidsbyen Palmyra slik den såg ut i januar 2009, før IS-terroristar erobra byen og begynte øydeleggingane.

Foto: CHRISTOPHE CHARON / Afp

Øydelegginga av Bel-tempelet er den verste av IS sine arkeologiske raseringar så langt, meiner den syrisk professoren Amr al-Azm ved Shawnee-universitetet i Ohio i USA, som tidlegare har jobba med vern av kulturminne i fødelandet sitt.

– Dette viser tydeleg IS si evne til å handla utan å bli straffa for det og kor makteslaust det internasjonale samfunnet er som ikkje greier å stoppa dei, seier han til nyheitsbyrået AP.

Laster Twitter-innhold

Kulturell reinsing

I løpet av ei veke har IS-islamistar dermed utsletta to av dei viktigaste templa i den syriske oldtidsbyen som står på UNESCO si verdsarvliste. For berre ei veke sidan sprengde dei tempelet Baal Shamin og la sjølve ut bilete av både utplassering av eksplosiv langs veggane i tempelet, av eksplosjonen og av ruinane etter oldtidstempelet.

UNESCO har fordømt ugjerninga som «eit nytt krigsbrotsverk og eit enorm tap for det syriske folket og menneskja».

Det var i mai i år at IS tok kontroll over Palmyra, UNESCO-byen med kallenamnet «ørkenperla». Opprørsgruppa har erklært eit sunnimuslimsk kalifat og går notorisk til verks for å utsletta uerstattelege arkeologiske og kulturelle skattar som dei ser på som avgudsdyrkande.

I vår tok IS-opprørarar i Irak i bruk bulldosarar for å leggja den assyriske oldtidsbyen Nimrud i grus.

SISTE NYTT

Siste nytt