– Me er allereie her. Me er i PC-ane dykkar. I alle militærbasar, står det i ei av meldingane som er lagt ut på Twitter-kontoen som heilt tydeleg er utanfor amerikansk kontroll.
Lagt ved meldinga er eit bilete som tilsynelatande viser to kvinnelege amerikanske soldatar, der den eine sit ved ein PC og den andre klappar ein hund.
Motivet ser ut til å vere tilfeldig, og det kan tyde på at biletet er teken av eit web-kamera utan at kvinnene veit det. Men om biletet i det heile tatt er frå ein militærbase eller om det er teken av eit web-kamera er uvisst.
Profilbiletet til Twitter-kontoen vart endra og massevis av meldingar vart lagt ut før kontoen vart suspendert.
– We are coming, watch your back, står det i ei anna melding som hackarane skal ha lagt ut.
Pentagon kallar hendinga for pinleg, men at den ikkje utgjer noko trugsel for tryggleiken.