Hopp til innhold

30.000 saudiarabiske soldatar til grensa mot Irak

Saudi-Arabia har sendt 30.000 soldatar til grensa mot Irak. Irak avviser at irakiske soldatar har forlate stillingane sine, slik saudiarabiske medium melder.

saudi-irak

Det er uklart kvifor Irak har trekt styrkane sine tilbake frå grensa til Saudi-Arabia, men dei har tidlegare trekt seg tilbake frå grensa til Syria. Den islamistiske opprørsgruppa ISIL kontrollerer i dag grenseområdet mot det borgarkrigsherja nabolandet.

Fjernsynskanalen Al Arabiya melder at dei har fått tilgang til ein video som viser rundt 2500 irakiske soldatar i eit ørkenområde aust for Karbala, etter at dei har trekt seg tilbake frå grensa.

– Falske påstandar

Irak avviser at irakiske soldatar har forlate stillingane sine ved grensa til Saudi-Arabia, slik saudiarabiske medium melder.

– Dette er falske påstandar som berre har som mål å svekkje moralen til vårt folk og våre heroiske krigarar, seier ein talsmann for den irakiske statsministeren Nuri al-Maliki.

Han understrekar vidare at Irak har fast grep om grensepostane sine.

LES OGSÅ: – Norsk islamist i terrorvideo fra ISIL

Kjenner ikkje årsaka

Kong Abdullah

Saudi-Arabias kong Abdullah har gitt ordre om å sende 30.000 soldatar til grensa mot Irak.

Foto: Brendan Smialowski / Ap

Ein offiser i den irakiske hæren seier i eit videoopptak at dei har fått ordre om å trekkje seg tilbake frå grensa til Saudi-Arabia, men at det ikkje er oppgitt nokon grunn. Han seier også at bilar vart brende og lager øydelagde før dei forlèt stillingane sine, men seier ingenting om kven som gjorde det.

Saudiarabiske styresmakter seier at kong Abdullah har gitt ordre om å bruke alle naudsynte verkemiddel for å verne landet mot eventuelle truslar frå terroristar. Dette skjer etter at den ytterleggåande islamistiske gruppa ISIL har teke kontroll over store område nord i Irak.

Gruppa, som no berre kallar seg Den islamske staten, har erklært ein islamsk stat og oppmoda muslimar frå heile verda til å kome og kjempe for den nye staten.

Grensa mellom Saudi-Arabia og Irak er 800 kilometer lang.

LES OGSÅ: Kvinne i USA arrestert for terrorstøtte

LES OGSÅ: Iraks folkevalgte forlot parlamentet i kaos

Frykt for ISIL

Årsaka til at Saudi-Arabia no har kraftig forsterka vakthaldet på grensa til Irak, er truleg frykt for at ISIL skal utnytte vakuumet etter at dei irakiske styrkane trekte seg tilbake.

Det er førebels uklart om ISIL har etablert seg i grenseområdet mot Saudi-Arabia, og at dette er grunnen til at dei irakiske styrkane har trekt seg tilbake frå området.

ISIL i Irak

ISIL har geidd å erobre store område i Irak, og dei har sikra seg våpen og køyretøy frå den irakiske hæren.

Foto: STR / Ap

Det blir meldt om kampar mellom irakiske soldatar og opprørarar nær byen Tikrit, heimbyen til den tidlegare irakiske leiaren Saddam Hussein. Regjeringsstyrkane har i over ei veke prøvd då ta tilbake kontrollen over byen, som vart erobra av opprørarane frå ISIL for tre veker sidan.

LES OGSÅ: – Familien fortjener ikke dette

LES OGSÅ: Islamist etterforskes etter terrorvideo

Mange vegbomber

Guvernøren i provinsen Salahuddin, der Tikrit ligg, seier det vil ta fleire dagar før styrkane vil kunne ta seg inn i sjølve byen. Årsaka er at opprørarane har plassert ut store mengder med vegbomber og eksplosiv ved innfartsårene til byen.

ISIL er kjent for å bruke særs brutale metodar, med blant anna masseavrettingar. Dei har også eit godt utbygd propagandaapparat, og dei er særleg aktive på ulike sosiale medium. .

SISTE NYTT

Siste nytt