Hopp til innhold

Intense atomforhandlingar i Lausanne

Iran har fått frist til soloppgang onsdag med å godta eit forslag til ein atomavtale, seier to vestlege diplomatar til nyheitsbyrået Reuters seint tirsdag. Ein amerikansk tenestemann avviser at Iran har fått eit ultimatum.

Beau Rivage Hotel i Lausanne i Sveits.

Her inne på Beau Rivage Hotel i Lausanne i Sveits blir det forhandla på høggir utover natta.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / Afp

Fristen for å bli samde om ein avtale med Iran var eigentleg sett til midnatt tysdag kveld, men amerikanske tenestemenn sa tidlegare i kveld at dei kom til å forhandle på overtid. Det er ingen tvil om at forhandlingsinnspurten i den sveitsiske byen Lausanne er vanskelege.

Iran står hardt på at landet har rett til ha eit sivilt atomprogram, medan vestlege land, Russland og Kina vil forsikre seg om at landet ikkje blir i stand til å utvikle atomvåpen.

– Må bestemme seg no

Atomforhandliar i Lausanne i Sveits.

Den iranske forhandlingsleiaren Hamid Baidinejad snakka med pressefolk tidlegare i kveld.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / Afp

– Vi har fortalt iranarane at dei må bestemme seg no. Vi kan ikkje drage ut forhandlingane i seks nye dagar, seier ein diplomat til Reuters. Tidlegare i kveld sa ei anna kjelde tett på forhandlingane at det var gjort nok framsteg i samtalane til å halde fram på overtid.

Samtalane i Lausanne har halde på i lit over i veke. Forhandlarar frå USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland og Kina har hatt intense samtalar med iranske tenestemenn, og dei siste dagane vorte forhandla på utanriksministernivå.

Det som har kome ut frå forhandlingane i kveld er at det har vore framgang, men at det går svært sakte.

Håpet har vore at partane skulle bli samde om ein rammeavtale innan 31. mars, og at det skulle føre fram til ein endeleg avtale innan 30 juni i år.

– Vanskelege spørsmål

Ei kjelde i den tyske forhandlingsdelegasjonen seier at stemninga i forhandlingane går opp og ned, og at det ikkje er lett å finne ei realistisk løysing som begge partar kan godta.

– Iran vil ikkje ha ein avtale berre for avtalen si skuld, og ein endeleg avtale bør garantere Irans kjernefysiske rettar, sa den iranske forhandlingsleiaren Hamid Baidinejad tidlegare i dag.

Talsmann for Det kvite hus, Marie Harf, sa i kveld at det framleis står att fleire vanskelege spørsmål.

SISTE NYTT

Siste nytt